Hopp til innhald

Fagstoff

Førebuingar til mjølking

Før du skal starte mjølkinga, må du klargjere mjølkeanlegget. Her beskriv vi viktige arbeidsoppgåver du må utføre før du skal mjølke i eit båsfjøs eller i ein mjølkestall for kyr, slik som startskylling, innsetjing av mjølkefilter og klargjering av jurklutar.
To bilete av delar av mjølkeanlegg. Ein mjølkekolbe er montert på ein vegg, og mjølkeorgana heng ved sida av. Foto.

Startskyljing

Startskyljing (eller forskyljing) av mjølkeanlegget er noko du gjer for å skylje ut vaskemiddelrestar frå førre vask av anlegget. Du sender varmt vatn ein runde gjennom heile anlegget og tømmer det ut til slutt. Viss du har eit mjølkeanlegg med manuell styring, må du sende ein eller fleire tømmeproppar gjennom anlegget til slutt for å tømme det for vatn.

Om vinteren kan det ofte vere kaldt i fjøset, og då er det godt for dei første kyrne at mjølkeorganet er varma opp før du set det på.

Når du er ferdig med startskyljinga, set du inn mjølkefilter og plasserer mjølkeslangen i tanken før du går inn i fjøset og startar mjølkinga.

Mjølkefilter

Mjølkefilteret fangar opp rusk og lort som kan komme inn i mjølka viss ei ku sparkar av seg organet under mjølking. Dei mjølkefiltera som blir brukte no, er som regel forma som ei strømpe som du trer over ein stålspiral. Spiralen blir så plassert i mjølkerøyret som går frå anlegget og til mjølketanken.

Kollasj som viser byte av mjølkefilter. Foto.

Jurklutar

Hygiene er veldig viktig i mjølkingsarbeidet, og du skal alltid bruke minst éin rein klut til å vaske og stimulere juret til kvar ku. Jurklutane skal vaskast og desinfiserast mellom kvar mjølking, dette kan du gjere i ei vaskemaskin på 90 gradar.

To plastbøtter med ulik farge heng i ei takskinne inne i eit fjøs. Foto.

Førebuing til mjølking

Tenk gjennom

I fjøset til Simon er det ein vaskeautomat som styrer inntak og utpumping av vatn i mjølkeanlegget. Kva for nokre andre løysingar kjenner du til?

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2023

Læringsressursar

Mjølking