Hopp til innhald
Fagartikkel

Juret og mjølkingsarbeidet

Når du har mjølkekyr eller mjølkegeiter, må du ha gode rutinar for mjølkingsarbeidet. Her skal vi sjå nærare på korleis juret er oppbygd, og kva som er viktig å tenke på når du skal mjølke.

Anatomien til juret

Juret til kua består av fire skilde delar. Juret til geita og søya består av to delar. Viss du står bak ei ku, geit eller søye, kan du sjå den sterke bindevevsveggen som held juret oppe. Vi ser han som ei innsnevring mellom høgre og venstre del av juret. Hos ei ku med stort og tungt jur, kan det bli for tungt for bindevevet. Då slepper det litt, og juret ser meir ut som ein stor sekk.

Mjølka blir danna i mjølkeproduserande celler i juret, og det er eigne blodårer som forsyner desse cellene med det dei treng for å lage mjølka. Mjølka blir lagra i små blærer (alveolar). Det er cirka 500 000 alveolar per cm3 jurvev! Når desse alveolane er fylte opp, renn mjølka ned mot jursisterna og spenesisterna og blir lagra der fram til mjølking. Når både alveolane og resten av lagringsplassen inne i juret er fylt opp, kan ikkje dei mjølkeproduserande cellene lage meir mjølk før juret blir tømt.

Bestanddelar i juret

Førebuingar til mjølking

Nedgiingsprosessen startar når kua blir stimulert. For at kua skal gi ned mjølka, må du sørge for at nedgiingshormonet oksytocin får gjere jobben sin. Dette hormonet blir danna i hypothalamus og lagra i hypofysen, og det må fraktast med blodet ned til juret for å verke. Denne prosessen set du i gang med at du vaskar og masserer spenane.

Det er viktig at spenane og nedre del av juret blir godt reingjort, og til det bruker vi ein fuktig og varm klut og vaskar og masserer. Då aktiverer vi nervane som skal varsle hypofysen om å frigjere oksytocin. Oksytocinet følger blodstraumen mot juret, og når det kjem fram, sørger det for at dei små musklane som ligg rundt alveolane (mjølkeblærene) trekker seg saman. Då blir mjølka pressa nedover i juret.

Etter at du har vaska og prøvemjølka, og du ser at kua gir ned mjølka, kan du setje på mjølkeorganet.

Animasjon

Sjå animasjonen om nedgiing (0:57), og svar på spørsmåla under filmen etterpå.

Video: Siren Halvorsen, Ingrid Resell / CC BY-SA 4.0

Oppgåver til animasjon om nedgiing

  1. Gjer den interaktive oppgåva om stimulering av juret før mjølking.

  1. Kvifor skal vi stimulere juret på ei ku før mjølking, og korleis bør det gjerast?

  2. Kva er oksytocin, og kva skjer når det blir skild ut frå hypofysen?

  3. Nemn nokre grunnar til at det er viktig å avslutte stimuleringa med å mjølke ut tre–fire strålar med mjølk frå kvar spene. Kvifor skal du bruke prøvekopp?

  4. Korleis fungerer stimulering og oppmjølking i eit robotfjøs? Gjer alle mjølkerobotar dette på same måte?

Kjelder

Alfnes, T. & Østerås, O. (1992). Mjølking og mjølkestell. AS Landbruksforlaget.

Tine. (u.å.) Jurhelse [Elektronisk brosjyre]. https://sway.office.com/slqybpeoiwpcel23?Linkhttps://sway.office.com/slqybpeoiwpcel23?Link

Relatert innhald