Hopp til innhald

Fagstoff

Celletal

Kva er eigenleg celletal, og kvifor snakkar vi så mykje om det? Når du driv med mjølkeproduksjon, er det veldig viktig at dyra dine har god jurhelse. Ved å følge med på celletalet i mjølka får du informasjon om korleis det står til med nettopp jurhelsa.
Nærbilete av eit mjølkeorgan som sit på eit jur. Det kjem mjølk i spenekoppsentralen. Foto.

Kva er celletal?

Celletal er det same som talet på døde jurceller og kvite blodceller vi finn i mjølka. Sidan desse cellene allereie er døde, vil det ikkje bli fleire av dei etter at mjølka har komme ut av spenane.

Alle kroppsceller må skiftast ut etter kvart som dei blir utslitne, så det vil alltid vere nokre celler i mjølka. Men ved ein infeksjon i juret vil det strøyme millionar av kvite blodceller dit for å kjempe mot infeksjonen. Desse blodcellene døyr i kampen og blir med ut i mjølka.

Normalt celletal

I Noreg ligg det normale celletalet mellom 10 000 og 50 000 celler per milliliter mjølk. Men dette varierer ein del, og både kurase, alder og mjølkemengde speler inn, så eit celletal på 100 000 er heller ikkje unormalt.

Det er normalt at celletalet er høgt i råmjølksperioden, for då er forsvaret i juret forsterka. Når nærmar seg, vil celletalet òg stige, for då har juret jobba hardt med å produsere mjølk i mange månader. Mange jurceller døyr og må erstattast av nye før den neste kalven kjem og kua skal starte med ein ny laktasjonsperiode.

Høgt celletal

Som nemnt over er det normalt at celletalet er litt høgare i enkelte periodar. Brunst, diaré og andre årsaker til at kua blir stressa, kan til dømes òg gi høgt celletal i periodar.

Men viss juret står under angrep av mastittbakteriar, blir det skild ut veldig store mengder av kvite blodceller, og då kan celletalet rase opp i over ein million celler på kort tid.

Visste du at ...

Celletalet kan komme opp i 100 millionar celler per milliliter mjølk når kua har jurbetennelse?

Celletal og mjølkekvalitet

Når du leverer mjølk til meieriet, blir det alltid teke ut ein liten prøve som blir send til analyse i eit laboratorium. Resultatet av denne analysen bestemmer kor god betaling du skal få for mjølka di, og viss celletalet er over 230 000 celler per milliliter mjølk, får du dårlegare betalt.

Det er ikkje berre celletalet som avgjer kvaliteten på mjølka og mjølkeprisen, så vi vil ta for oss alle kvalitetsreglane i ei anna side.

Styringsrommet bak i ein mjølketankbil. Foto.

Viktige omgrep

Celletal (eller kucelletal)
er celletalet i juret til ei ku. Kucelletalet blir analysert i samband med veging av mjølka, som regel ein gong i månaden.
Celletal i tankmjølk
er samla celletal frå alle kyrne. Prøve til analyse blir teken når mjølka blir henta.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2023

Læringsressursar

Mjølking