Hopp til innhald

Fagstoff

Mjølking i båsfjøs

Omtrent ein tredel av norske mjølkekyr er stalla opp i båsfjøs gjennom vinteren, og desse må du mjølke der dei står. Då bruker vi eit røyrmjølkeanlegg og fraktar med oss mjølkeorgana dit kyrne står. I eit lausdriftsfjøs er det kyrne som må gå til ei mjølkegrav eller til roboten for å bli mjølka.
Ein smilande mann sit på huk ved juret til ei ku og vaskar juret med ein klut. Foto.

Gangen i mjølkingsarbeidet

Uansett om du har båsfjøs eller lausdriftsfjøs, er det dei same arbeidsoppgåvene som må utførast under mjølkinga. Forskjellen er at i eit lausdriftsfjøs er det kua som må oppsøke mjølkemaskina, anten i ei mjølkegrav eller i ein robot. Her skal vi ta for oss korleis mjølkinga skal utførast slik at det kjennest behageleg ut for kua og samtidig gir deg som bonde eit godt resultat.

Det er alltid viktig å opptre roleg under mjølkinga og å gi kua beskjed om at du kjem. Viss kua er førebudd, ved at du snakkar til ho og klappar ho litt før du startar med sjølve mjølkinga, blir ho roleg og avslappa. Og då går mjølkinga òg lett.

1. Vask og stimulering av juret

For at kua skal gi ned mjølka, er det viktig å stimulere juret godt. Då bruker vi ein fuktig, varm klut og vaskar og masserer nedre del av juret.

  • For å unngå smitte mellom kyrne er det viktig å bruke éin klut per ku. Viss juret er veldig skitent, må du kanskje bruke fleire klutar for å få det reint.

  • Avslutt stimuleringa med å vri opp kluten, og tørk juret og spenane.

    • Viss juret er vått, blir det kaldt og ubehageleg for kua.

    • Vi vil ikkje at skitent vatn skal renne nedover spenane og bli med til tanken.

  • Skitne klutar skal aldri blandast med dei reine og ubrukte klutane.

Tenk gjennom

Kvifor er det så viktig å ikkje dyppe eller legge ein klut du har brukt, saman med dei reine klutane?

2. Oppmjølking i prøvekopp

Når du er ferdig med vask og stimulering, er det på tide å ta fram prøvekoppen og mjølke ut tre–fire strålar frå kvar spene. Når du prøvemjølkar, er det viktig å hugse på at du skal klemme og ikkje slite eller trekke i spenen for å få ut mjølka!

Denne oppmjølkinga er viktig del av stimuleringa fordi

  • ringmuskelen rundt spenekanalen blir meir avslappa og let mjølka renne ut

  • du kan sjå om det er blod eller slintrer (osteklumpar) i mjølka

  • prøvekoppen hindrar smittespreiing, noko som kan skje viss du mjølkar rett ned på golvet

To hender held ein svart, skålforma kopp med litt mjølk i. Foto.

3. Påsett av mjølkeorganet

Når du skal setje på mjølkeorganet i eit båsfjøs, må du først ta med deg organet opp i båsen og kople det til mjølkerøyret. Dei fleste mjølkerøyra er monterte over båsinnreiinga, frå tankrommet og rundt heile fjøset. Når du har kopla det fast på røyret, er det berre å trykke inn startknappen og setje på, men hugs:

  • Gi alltid kua beskjed om at du kjem.

  • Ikkje slepp inn luft under påsett – vi skal ikkje støvsuge heile fjøset!

    • Luftinnslepp vil føre til at mikroorganismar frå fjøsmiljøet kjem inn i mjølka.

    • Mykje luftinnslepp verkar òg på vakuumet, og det kan føre til stor belastning på jur og spenar.

  • Begynn med dei spenane som er lengst unna. Bruk tommel og peikefinger til å leite fram spenane, då slepp du å ha hovudet under kua.

  • Pass på at organet heng riktig. Her kan ein bogbøyel vere eit godt hjelpemiddel.

Ei ku blir mjølka med ei spannmaskin. Ei hand tek på juret over mjølkeorganet. Slangane som fører mjølka til spannet, er festa i ein bogbøyel som heng ned frå ryggen til kua bak frambeinet. Foto.

I ei mjølkegrav heng mjølkeorgana på faste plassar, og ofte treng du berre å frigjere dei frå vaskeposisjonen før du startar mjølkinga. I ei mjølkegrav er mjølkeorgana som regel festa på ein styrearm, og då kan du berre justere han for å få riktig strekk på slangane.

Fire bilete av dei ulike delane av eit mjølkeorgan. Foto.

4. Følg med under mjølkinga

Etter at du har sett på mjølkeorganet, er det berre å følge med mens mjølka strøymer. Under mjølking skal du ikkje drive med andre oppgåver i fjøset, men ha fullt fokus på kyrne! Juret blir tømt i løpet av fem–sju minutt, og når ei ku er ferdigmjølka, skal du flytte mjølkeorganet til neste ku.

Viss du ikkje har automatiske avtakarar, bør du ikkje mjølke med meir enn tre mjølkeorgan. Det er viktig at du har god nok tid til vask og stimulering av neste ku før ho skal mjølkast, og viss du har for mange mjølkeorgan å passe på, er det større risiko for tomgangsmjølking. Tomgangsmjølking er ei stor påkjenning for jur og spenar og aukar faren for at kua kan få jurbetennelse.

5. Sluttkontroll og avtak av mjølkeorganet

Sluttkontroll

Når du ser at juret begynner å bli tomt, er det fint å ta ein sjekk om alle spenane er ferdigmjølka. Sluttkontrollen består i at du tek tak med begge hendene øvst på juret og stryk ned mot spenane med eit fast tak. Først fram- og bakkjertel på den eine sida, så på den andre sida av juret.

Raud propp. Foto.

Viss ein av spenane blir tømd før dei andre, kan du ta av spenekoppen og setje inn ein plastpropp. Pass på å knekke slangen før du tek han av spenen for å stoppe suget, elles blir det veldig smertefullt for kua!


Avtak

Mange har automatiske avtakarar. Då er det ein målar som registrerer kor mykje mjølk som strøymer opp til mjølkerøyret. Når mjølkestraumen kjem under ei viss mengde, blir vakuumet stengt, og mjølkeorganet blir drege av.

Viss du ikkje har automatiske avtakarar, må du sjølve stenge vakuumet ved å trekke ut vakuumknappen på organet. Hald den eine armen rundt spenekoppane slik at du samlar dei i eit grep, og dra dei varsamt av utan å søle mjølk i båsen.

Mjølking i eit båsfjøs (3:11)

I denne filmen får du vite korleis du gjennomfører mjølking i eit båsfjøs.

Oppgåve om mjølking

  1. Lag ei oversikt over korleis du vil gjennomføre mjølkinga for å sikre god hygiene.

  2. Korleis vil du sikre at mjølkinga blir ei positiv oppleving for kua?

  3. Korleis trur du mjølkinga fungerer i eit robotfjøs? Er det dei same arbeidsoppgåvene som blir utførte der?

Relatert innhald

I denne filmen får du høyre kva reglar som gjeld når du skal vere med og konkurrere i maskinmjølking.

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2023

Læringsressursar

Mjølking