Hopp til innhald

Fagstoff

Forskrift om dyrehelse (dyrehelseforskrifta)

Dyrehelseforskrifta skal fremme førebygging av og kamp mot dyresjukdommar som kan overførast til dyr eller menneske. Dei ulike sjukdommane er delte inn i grupper for å skilje mellom dei farlegaste og dei som ikkje medfører så stor risiko for oss og dyra våre.

Om forskrifta

I 2016 vedtok EU ei ny dyrehelseforordning, Animal Health Law. Denne forordninga førte til eit behov for å revidere det norske regelverket. Når det skal lagast nye lover og forskrifter for dyrehelse og mattryggleik, er det Mattilsynet som har ansvaret i Noreg.

Inndeling av sjukdommar

Det er vanleg å snakke om ulike grupper av sjukdommar, og dei blir delte inn etter kor smittsame eller farlege dei er for oss og dyra våre. Sidan sjukdommar og smittestoff ikkje held seg innanfor dei enkelte landegrensene, er det viktig med internasjonalt samarbeid for å hindre smitte.

I den nye norske forskrifta som tredde i kraft i 2022, har Noreg valt å opprette eigne nasjonale kodar for dei ulike sjukdommane. Dette er fordi vi vil ha strengare reglar for enkelte sjukdommar enn resten av EU/EØS. Dei nye kodane som blir brukte i Noreg, er delte inn i lister. Vi snakkar om liste 1-, liste 2- og liste 3-sjukdommar. Her får du ei oversikt over kva reglar som gjeld for dei ulike listene, og døme på nokre av dei mest kjende sjukdommane.

Liste 1-sjukdommar

Her finn vi dei alvorlegaste og mest smittsame dyresjukdommane. Ved grunn til mistanke om førekomst, eller når sjukdom er påvist, skal du straks melde frå til Mattilsynet. Ved utbrot av liste 1-sjukdom blir det sett i verk veldig strenge tiltak for å stoppe vidare spreiing av smitte:

  • oppretting av sikkerheitssone rundt garden og kontroll av all trafikk som går inn og ut av området

  • sanering, det vil seie avliving og destruksjon av alle dyra i buskapen

  • krav om desinfeksjon av dyrerom, og ofte ei viss karantenetid før du kan starte opp produksjonen igjen. Her er det eigne reglar for dei ulike sjukdommane.

Typisk for liste 1-sjukdommar

Dette er sjukdommar som lett blir spreidde og har kort inkubasjonstid, det vil seie at det går kort tid frå dyret blir smitta til det utviklar sjukdom. Mange av sjukdommane på liste 1 er dødelege, men ikkje alle.

Døme på Liste 1-sjukdommar

Namn

Smittar via

Rammar

Beskriving

Alvorsgrad

Munn- og klauvsjuke

Virus.

Kontaktsmitte: levande dyr, mjølk, slakteavfall, tankbil, verktøy, klede osb.

Luftboren smitte over store avstandar er òg dokumentert.

Storfe, småfe, gris, viltlevande klauvdyr.

Feber, væskefylte blærar i munnen, i huda over klauvene og på jur og spenar.

Ikkje dødeleg, men svært smittsam. Store økonomiske konsekvensar for bonden.

Svinepest, klassisk og afrikansk

Virus.

Viruset er svært motstandsdyktig, og dyr som overlever, ber smitten resten av livet.

I nedfrose kjøtt og blod kan viruset framleis vere smittefarleg etter fleire år!

Dyr i svinefamilien.

Dyra får høg feber, og det er ei sterk påkjenning.

Dei fleste dyra døyr.

Fugleinfluensa

(aviær influensa)

Virus.

Friske smitteberarar er viktigaste smittekjelde.

Fuglar.

Kan òg smitte menneske.

Nedsett allmenntilstand, appetitt og eggproduksjon.

Høns og kalkun blir ramma hardare enn ender og gjæser.

Stor dødelegheit.

Rabies

(hunde-galskap)

Virus.

Smittar gjennom spytt.

Kan ha lang inkubasjonstid, ofte ein til to månader.

Både dyr og menneske.

I Noreg finst det rabies hos fjellrev og villrein på Svalbard.

Unormal åtferd er gjerne første symptom.

Alltid dødeleg.

Vaksine finst, og han kan òg redde liv viss han blir sett raskt etter eit bit eller klor av eit smitta dyr.

Miltbrann

Bakterie (anthrax).

Bakterien er sporedannande og kan overleve lenge i jord.

Smitten skjer ved inntak av sporar via fôr, luft eller sår i huda.

Både dyr og menneske.

Nokon døyr plutseleg, andre får høg feber.

Gris kan ha sjukdommen utan å vise symptom.

Kan òg gi alvorleg sjukdom hos menneske.

Liste 2-sjukdommar

Sjukdommane på liste 2 er òg alvorlege og smittsame, men dei utløyser ikkje automatisk full sanering. Systematisk kamp er derimot eit krav òg for sjukdommar på liste 2. Tiltak du må gjere viss du har fått påvist, eller har mistanke om, liste 2-sjukdom hos dyra dine:

  • Meld frå til Mattilsynet.

  • Ikkje flytt dyra ut av anlegget (driftsbygning eller beite).

  • Set i verk smitteverntiltak.

  • Merk inngangen til driftsbygningen med varselskilt frå Mattilsynet.

  • Oppdater dyrehaldjournalen.

Typisk for liste 2-sjukdommar

Her er det stor variasjon. Nokre av sjukdommane finn vi hos fleire artar, mens andre er spesifikke for dei enkelte dyreslaga. Smittestoff kan vere både virus, bakteriar og andre mikroorganismar.

Døme på liste 2-sjukdommar

Namn

Smittar via

Rammar

Beskriving

Alvorsgrad

MRSA

(meticillin-resistente stafylokokkar)

Bakteriar.

Kontaktsmitte.

Smittar også via miljøet.

Både dyr og menneske. Menneske kan smitte dyr og omvende.

Infeksjonar i hud, øyre, jur og ledd.

Fare for alvorlege infeksjonar hos menneske med svekt helse.

Ved påvising av LA--MRSA hos gris: smittesporing og sanering.

Andre artar: smitteverntiltak og slakt av enkeltdyr.

Salmonella

Bakteriar i avføring.

Både dyr og menneske. Menneske kan smitte dyr og omvende.

Diaré, av og til dødsfall.

Sjuke dyr skil ut mykje bakteriar, og smitten spreier seg raskt.

Ringorm hos storfe

(Trichophyton verrucosum)

Soppsporar.

Kontaktsmitte og smitte via klede og innreiing.

Storfe.

Ringforma hårlause parti.

Betennelse i huda.

Ubehageleg og veldig smittsam.

Økonomisk tap.

Krav om sanering.

BVD

(bovin virusdiaré)

Virus.

Kontaktsmitte.

Drøvtyggarar

(storfe).

Kvit ku med svarte flekker bøyer hovudet ned mot bakken. Illustrasjon.

Vaksne dyr kan få nedsett appetitt og diaré.

Fosterdød og misdanningar ved smitte tidleg i drektigheita.

Kalvar som blir smitta på fosterstadiet, vil bere smitte resten av livet.

Sjukdommen kan ikkje behandlast, og han er underlagd eit overvakingsprogram slik at nye tilfelle skal oppdagast raskt.
SvineinfluensaVirus.

Gris og menneske.

Snørr, hoste, nysing, høg feber og nedsett appetitt.

Problem med reproduksjon.

Veldig smittsam.

Tiltak:

isolering av buskapen.

Dei fleste overlever, men utbrot gir store økonomiske konsekvensar for bonden.

Mædi

Mædi visna virus (MVV)

i mjølk, spytt, snørr.

Lang inkubasjonstid,.

Sau. Dei fleste blir smitta som lam.

Mange vise ingen klare teikn.

Pustevanskar som utviklar seg over tid.

Det finst inga behandling eller vaksine.

Liste 3-sjukdommar

Dette er sjukdommar som det er viktig at Mattilsynet har oversikt over. Det kan vere forholdsvis vanleg forekommande sjukdommar eller meir sjeldne sjukdommar. Viss du mistenker at eit dyr er smitta av ein sjukdom på liste 3, skal du straks melde frå til Mattilsynet.

Døme på liste 3-sjukdommar

Namn

Smittar via

Rammar

Beskriving

Alvorsgrad

Tularemi

(harepest)

Bakteriar.

Smittar gjennom drikkevatn, frå døde mus eller lemen.

Bakterien overlever lenge i vatn eller gjørme.

Smågnagarar og menneske.

Menneske som blir smitta, kan få høg feber og kvalme.

Dødeleg for hare og smågnagarar.

Alvorlege tilfelle blir behandla med antibiotikum.

RingormSopp.

Både dyr og menneske.

Ringforma hårlause parti hos dyr, ringforma utslett hos menneske.

Ubehageleg og veldig smittsam. Ved utbrot hos storfe må du følge Mattilsynets rettleiar for sanering.

Det er utvikla vaksine mot ringorm for storfe.

Byllesjuke

Bakteriar.

Kontaktsmitte frå levande dyr eller innreiing.

Småfe og menneske.

Ofte er det få eller ingen symptom.

Hevelsar og byllar i lymfeknutane.

Byllar i svelget og halsregionen kan gi nedsett fôropptak og pusteproblem.

Prosjektet "Friskere geiter" har ført til at byllesjuke hos mjølkegeiter i Noreg er nesten borte.

Vondarta katarrfeber

Virus.

Sau og geit er friske smitteberarar, derfor bør du ikkje ha småfe og storfe i same fjøs.

Storfe og hjortedyr.

Høg feber og betennelsar i kroppen. For storfe og hjortedyr er sjukdommen dødeleg.

Oppgåver

  1. Kva er formålet med dyrehelseforskrifta?

  2. Gi døme på nokre smittsame dyresjukdommar.

  3. Finn kva liste sjukdommane frå oppgåve 2 høyrer heime i. Kva reglar gjeld for varsling og handtering for dei ulike listene?

  4. Forklar korleis vi deler smittsame dyresjukdommar inn i ulike lister.

  5. Kva er årsaka til at vi deler inn sjukdommane på denne måten?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2023

Læringsressursar

Smittsame sjukdommar hos dyr