Hopp til innhald
Fagartikkel

Å førebygge smittespreiing

For at smittsame sjukdommar ikkje skal komme inn i fjøset ditt, må du tenke gjennom korleis du best kan verne dyra dine mot smitte. Det er påbode å ha smittesluse i alle fjøs som driv med produksjonsdyr. I tillegg er det viktig å ha faste rutinar for besøk hos dyra.

Krav til smitteverntiltak

Friske dyr er ein føresetnad for god dyrevelferd. Vi har god dyrehelse i Noreg, og den vil vi ta vare på. Derfor blir det stilt krav om at du som bonde eller avløysar skal ha kunnskap om dyrehelse. Smittsame sjukdommar kan spreie seg raskt, og det er viktig å hindre dette. Eit viktig tiltak er å ha ei smittesluse.

Smittevernplan

Det er òg krav om at du skal ha ein smittevernplan for dyrehaldet ditt når du driv med husdyrproduksjon. Denne planen skal beskrive kva rutinar du har for å førebygge smitte.

Faste rutinar for å førebygge smitte

I tillegg til krava som du må følge fordi det står dyrehelseforskrifta, kan du hjelpe til med å halde dyra friske ved å følge nokre enkle reglar:

  • Ikkje gå inn i eit fjøs utan å spørje dyreeigar om du kan besøke dyra.

  • Når du passerer smitteslusa i fjøset, skal du skifte klede og sko, slik at du ikkje tek med deg smitte inn til dyra. Du skal alltid vaske hendene dine før du går inn i fjøset.

  • Viss du arbeider i fleire fjøs, skal du alltid vaske deg og skifte klede og skotøy mellom dei ulike fjøsa.

  • Vask arbeidstøyet ditt ofte, og helst på minst 60 gradar. Denne temperaturen drep dei fleste mikroorganismane som kan gi sjukdom.

  • Viss du har vore i kontakt med dyr i utlandet, skal du vente i 48 timar før du går inn i ei norsk besetning. Viss du har vore i eit land som har kjend førekomst av munn- og klauvsjuke, skal du vente i 72 timar før du har kontakt med dyr i Noreg.

  • Ta kontakt med dyreeigar viss du ser eit dyr som oppfører seg unormalt.

Tenk gjennom!

Kvifor må du vente i 48 timar før du går inn i eit fjøs / ei besetning, viss du har vore i kontakt med dyr i utlandet?

Dyr på beite treng òg vern

Dyr som går ute på beite, har inga smittesluse som vernar dei. Derfor er det viktig å tenke på at smitte òg kan skje når du treffer dyr som er ute i det fri. Det er ikkje greitt å gi matrestar eller litt av nista di til dyr du treffer, fordi maten du har med deg, kan innehalde stoff som i verste fall kan gjere dyra sjuke! La heller ikkje hunden din helse på dyr som går ute, utan at det er avtalt med dyreeigar. Hunden kan vere berar av virus og bakteriar som kan føre til smitte hos beitedyra.

Oppgåve

Kva hugsar du frå det du har lese? Vel rett alternativ til spørsmåla.

Relatert innhald

Fagstoff
Smittesluser i dyrehald

Smittesluser forhindrar at det kjem smitte inn i eller ut av dyrehaldet. Lær korleis du skal gjere det i praksis.

CC BY-SA 4.0Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2023