Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Kopar- og nylonhammar

I denne læringsressursen skal du lage ein kopar- og nylonhammar. Dette krev bruk av dreiebenk, og du kan velje om du vil nytte manuell eller CNC-styrt dreiebenk. Du må òg kunne lage gjenge.

Kva er ein kopar- og nylonhammar?

Kopar- og nylonhammar er som namnet tilseier ein hammar. Sjølve hammaren er laga av stål, mens slagflatene er laga av kopar og nylon.

For å unngå skadar på det du skal slå på, er eit tips at materialet i slagflata på hammaren bør vere mjukare enn det materialet du skal slå på. Då kjem skadar ofte på slagflata til hammaren og ikkje på den gjenstanden du slår på.

Lag din eigen kopar- og nylonhammar

Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.

I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.

Refleksjon

Kan du tenke deg andre materiale som kan vere eigna til å nytte som slagflater?

Kva avgjer kva materiale du ønsker i slagflata?

Relatert innhald

Fagstoff
Sikker bruk av maskiner

Her finn du ni korte videoar som viser deg sikker bruk av maskiner på ein verkstad.

Oppgåver og aktivitetar
Verktøy for planlegging

Her får du verktøy som kan hjelpe deg å planlegge eit arbeidsoppdrag.

CC BY-SA 4.0Skrive av Roger Rosmo og Torbjørn Nordvik Helgesen.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2024