Kjørnar
Ein kjørnar blir nytta til å lage eit lite hol i overflata på metall. Han fungerer slik at du held spissen på kjørnaren mot den staden du vil markere, og så slår på slagflata med ein hammar.
Å lage såkalla kjørnarslag i overflata er spesielt viktig viss du skal bore, slik at boret treffer på rett punkt.
Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
Filer
- Kjørnar NDLA, 3D-fil(F3D)
Relatert innhald
Her finn du ni korte videoar som viser deg sikker bruk av maskiner på ein verkstad.
Her får du verktøy som kan hjelpe deg å planlegge eit arbeidsoppdrag.