Støttebukk
Ein støttebukk er eit justerbart verktøy for å halde eller støtte ein gjenstand i ein bestemd posisjon.
Viss du skal montere ein konstruksjon og treng å finjustere høgde eller klemme noko på plass, vil dette verktøyet fungere utmerkt.
Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
Filer
Her er det foreslått å lage støttebukken i stål. Kan du foreslå andre materiale som kan nyttast? Kva fordelar og ulemper er det ved å bruke dei ulike materiala?
Kan denne støttebukken òg lagast i andre dimensjonar, og klarer du å teikne eit forslag med andre mål?
Relatert innhald
Her får du verktøy som kan hjelpe deg å planlegge eit arbeidsoppdrag.
Her finn du ni korte videoar som viser deg sikker bruk av maskiner på ein verkstad.