Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Sveisetvinge

I denne læringsressursen skal du lage ei sveisetvinge. Dette krev både dreiing og fresing, og du kan velje om du vil nytte manuelle eller CNC-styrte maskiner.

Kva er ei sveisetvinge?

Sveisetvinga blir brukt for å halde to eller fleire gjenstandar saman. Ho har to parallelle kjeftar og ein skrue som du kan justere avstanden mellom kjeftane med.

Ho er svært enkel å bruke. Du berre legg kjeftane over dei gjenstandane som skal klemmast saman, og vrir på justeringshjulet.

Lag di eiga sveisetvinge

Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:

Det er viktig at du lagar deg ein god arbeidsplan som beskriv korleis du vil gå fram for å lage di eiga sveisetvinge.

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.

I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.

Refleksjon

  • Kan det i dette tilfellet vere aktuelt å nytte ulike materiale i sjølve kjeftane og strammemekanismen? Viss ja: kvifor?

  • Kan sveisetvinga overflatebehandlast? Kva må du eventuelt ta omsyn til viss du skal overflatebehandle dei ulike delane?

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2024