Hopp til innhald
Oppgåve

Slik planlegg du eit arbeidsoppdrag

Som fagarbeidar innanfor industrifaga må du ofte løyse utfordringar for kunden, og du må handtere både kjende og nye situasjonar. Då treng du gode rutinar for å planlegge, gjennomføre og dokumentere oppdraget du har fått.

Innleiing

Å sette opp ein god plan for eit større arbeidsoppdrag kan vere utfordrande. Bruk derfor gjerne planleggingsverktøyet eller det nedlastbare skjemaet sist i denne artikkelen, det kan gjere jobben enklare for deg.

Du jobbar deg gjennom dei enkelte punkta steg for steg, og til slutt får du eit samandrag som du kan skrive ut eller lagre.

Situasjonsskildringa

Alle arbeidsoppdraga startar med ei situasjonsskildring. Skildringa er vanlegvis basert på eit problem kunden har, eller eit prosjekt kunden ønsker å gjennomføre for å auke produktiviteten eller betre sikkerheita.

Situasjonsskildringa gir også nokre rammer for oppdraget, til dømes kvar og når arbeidet skal gjerast.

Døme på situasjonsskildring

Du er industrimekanikar i ei servicebedrift som leverer tekniske og mekaniske tenester til ulike industribedrifter.

Hos ein kunde som bygger om, har du fått i oppdrag å forlenge eit transportband med 1500 mm. Kunden leverer dei nødvendige delane til forlenginga.

Kunden ønsker samtidig at du skal utføre vedlikehald på elektromotoren, giret og opplagringane.

Oppdraget skal gjennomførast i løpet av veke 23.

Analyse av arbeidsoppdraget

Når du har lese og forstått situasjonsskildringa, må du lage ein plan for kva som skal gjerast. Del opp arbeidsoppdraget i mindre arbeidsoperasjonar og sett opp ei kort punktliste.

Aktuelle spørsmål når du skal analysere
  • Krev arbeidsoppdraget nokre løft?

  • Kva for samanføyingsmetodar må du bruke?

  • Trengst det sponfråskiljande tilarbeiding av noko slag?

  • Er det behov for kjemikal, elektriske koplingar eller anna materiale eller utstyr?

  • Kven er kontaktpersonen din hos bedrifta?

  • Må produksjonen i bedrifta stoppast mens du jobbar?

  • Korleis varetek du krav til helse, miljø og sikkerheit?

  • Er det nødvendig med ein SJA (sikker jobb-analyse) eller ROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse)?

  • Kan du gjere jobben hos kunden, eller må du gjere han på ein annan verkstad?

  • Kva verktøy treng du?

  • Kva delar treng du?

  • Kva maskiner treng du?

  • Treng du elektrikar for å demontere noko?

Også andre spørsmål kan vere relevante, avhengig av kva slags arbeidsoppdrag du skal gjennomføre.

Faremoment

Når du har funne ut kva for arbeidsoperasjonar som er nødvendige, gjennomfører du ein sikker jobb-analyse (SJA) for dei enkelte arbeidsoperasjonane og vurderer om nokre av dei kan innebere ein risiko.

Du må også gi opp kor stor skade som kan oppstå for kvar enkelt arbeidsoperasjon og kvart enkelt risikomoment. Det gjer du ved å gjennomføre ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS).

Her er det viktig at du spesifiserer kor ofte ein skade kan skje, og kor omfattande han kan bli. Bruk gjerne skjemaa nedanfor som hjelpemiddel.

HMS og behov for verneutstyr

Når du har avdekt moglege faremoment, må du vurdere kva slags personleg verneutstyr du treng. Lag ei liste over dette utstyret. Forklar kvifor du har valt dette verneutstyret, og kva for nokre farar det skal verne deg mot.

Firmaet der du skal utføre arbeidsoppdraget, kan stille spesielle krav til verneutstyr som kjem i tillegg til verneutstyret du treng til det konkrete arbeidsoppdraget ditt. Spør ansvarleg hos oppdragsgivar om dette.

Arbeidsplan

Rammene for prosjektet er avklarte, og du kan planlegge arbeidsprosessen. Du har allereie ei liste over arbeidsoperasjonane oppdraget krev. Finn ei formålstenleg rekkefølge for desse arbeidsoperasjonane, og grunngi rekkefølga du har valt.

Arbeidsløyve

Viss du er innleigd for å gjere ein jobb hos ei bedrift, må du til vanleg få arbeidsløyve før du kan begynne på sjølve arbeidet. Bedrifta vil sikre seg at du har vareteke HMS, og at du har ein god og effektiv arbeidsplan som forstyrrar drift og produksjon minst mogleg.

Når du er ferdig med arbeidsplanen, må du derfor ta kontakt med personen som er ansvarleg for produksjonen. Området du skal jobbe i, kan til dømes vere i nærleiken av andre maskiner eller i ei produksjonslinje. Då må du få avklart når det er trygt å jobbe i området. Du må også få vite om nokre maskiner kan stengast ned om nødvendig.

Først når alle viktige forholda er avklarte, kan du få arbeidsløyve frå ein leiar eller eit verneombod. Då er du klar til å begynne på sjølve arbeidsoppdraget.

Delar, materiale og verktøy

For å kunne gjennomføre oppdraget må du ha verktøy, delar og materiale. Lag ei liste over

  • delar og materiale som du må skaffe

  • verktøy og utstyr som du treng for å utføre jobben på ein fagmessig og god måte

Grunngi val av materiale, delar og verktøy.

Arbeidsskildring

Ta fram igjen arbeidsplanen du har laga. Beskriv no detaljert korleis du skal gjennomføre jobben. Ta også med val av verktøy, materiale og maskininnstillingar.

Slutt- og funksjonskontroll

Etter at jobben er avslutta, må du gjennomføre ein sluttkontroll for å vurdere resultatet. Nemn personane du ønsker å ha med på ein sluttkontroll, og forklar korleis du har tenkt å gjennomføre sluttkontrollen.

Vurder også behovet for merking og dokumentasjon viss du har produsert ein ny installasjon eller ei ny produksjonslinje.

Reingjering og kjeldesortering

Etter at jobben er gjord, må du rydde opp etter deg. Beskriv korleis du vil rydde og reingjere på arbeidsstaden, og kva du vil gjere med avfall og materialrestar.

Dokumentasjon

I etterkant av arbeidsoppdraget skal du også dokumentere kva du har gjort. Lag ei oversikt over

  • opplysningar som må vere med i dokumentasjonen

  • personar som skal få dokumentasjonen

Planleggingsverktøy for arbeidsoppdrag

Bruk dokumentasjonsverktøyet eller PDF-en under for å planlegge oppdraget. Du jobbar deg igjennom dei enkelte punkta trinn for trinn, og til slutt får du eit samandrag som du kan skrive ut eller lagre.

CC BY-SA 4.0Skrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 04.07.2023