Svingjern
For å gjenge eit hol nyttar vi ein gjengetapp. For å kunne rotere gjengetappen treng vi eit verktøy med eit standardisert feste, nemleg eit svingjern.
Storleiken på svingjernet kan variere ut frå kor stor gjengetapp vi har. Dette heng saman med at lange handtak gjer at vi får stor kraft, og det er lett å knekke gjengetappen. På små gjengetappar bruker vi derfor små svingjern, og så aukar storleiken etter storleiken på gjengetappen og kva materiale vi skal gjenge i.
Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
Filer
Kan det i dette tilfellet vere aktuelt å nytte ulike materiale i sjølve svingjernet og strammemekanismen? Viss ja: kvifor?
Relatert innhald
Her finn du ni korte videoar som viser deg sikker bruk av maskiner på ein verkstad.
Her får du verktøy som kan hjelpe deg å planlegge eit arbeidsoppdrag.