Bore- og gjengeøving (UNP 60)
På mange skular blir dette læringsoppdraget kalla for "Idiotklossen" fordi arbeidsstykket ikkje skal bli til ein del som kan brukast til noko praktisk.
Fordelen med oppdraget er at du får øvd på mange vanlege arbeidsmetodar innan industrien i ei og same oppgåve, til dømes teikningslesing, måling og oppmerking, saging, filing, bruk av kjørnar, boring, gjenging, fasing og fresing. Du må også vere veldig nøyaktig når du jobbar med dette oppdraget.
Oversiktsteikning
Du skal no lage denne delen ut frå ein metallbit av typen UNP 60:
Lag ein god arbeidsplan som beskriv korleis du har tenkt å gjennomføre heile arbeidsoppdraget. Arbeidsplanen din er altså ei form for oppskrift.
Gjennomfør også ein risikoanalyse for oppdraget. Ta for deg alle maskiner og verktøy du skal nytte, tenk over kva farar du kan bli utsett for, og kva verneutstyr du må nytte for å redusere risikoen for uønskte hendingar.
Du må også ha gjennomført dokumentert sikkerheitsopplæring på alt av maskiner og verktøy du skal nytte.
Relatert innhald
Lær korleis du kan lage deg ein plan for eit arbeidsoppdrag.
Finn eit eigna arbeidsstykke i materialreolen. Når du skal måle opp for å sage, legg du til nokre millimeter på lengda. Vi seier då at du merker og sagar med eit overmål. Overmålet, altså dei ekstra millimeterane, er viktige fordi saga kan skjere litt ujamt og gi ei grov overflate. Då treng du nokre millimeter ekstra på arbeidsstykket slik at du kan rette opp og finpusse overflata slik at du får endene heilt rette og i rett lengd.
Kor mykje overmål du treng, kjem an på verktøyet du skal bruke. Nokre verktøy skjer meir nøyaktig enn andre. Du kan sjølv velje kva verktøy du vil sage med, men det vanlegaste er baufil, bandsag og vinkelslipar.
Du skal no tilpasse lengda på arbeidsstykket til målet som er oppgitt på arbeidsteikninga. Målet på teikninga kallar vi basismål.
På teikninga er det oppgitt ein standard for toleransar, nemleg ISO 2768-1 M. Toleransar er tillatne avvik. Målet treng ikkje å vere heilt nøyaktig, og avvika kan vere i både negativ og positiv retning. Standarden viser kor unøyaktig du kan vere i forhold til basismålet.
I tabellen nedanfor får du eit utdrag frå ISO 2768-1 M. Tabellen har kolonnar for fire gradar av toleranse: fin, middels, grov og svært grov toleranse. Du skal her bruke tala for middels toleranse. Du må også velje rett rad i tabellen ut frå basismålet.
Meir om standarden finn du til dømes i Verkstedhåndboka.
Basismål i mm over–til og med | Fin avvik i mm | Middels avvik i mm | Grov avvik i mm | Svært grov avvik i mm |
---|---|---|---|---|
0,5–3 | ± 0,05 | ± 0,1 | udefinert | udefinert |
3–6 | ± 0,05 | ± 0,1 | ± 0,2 | ± 0,5 |
6–30 | ± 0,1 | ± 0,2 | ± 0,5 | ± 1,0 |
30–120 | ± 0,15 | ± 0,3 | ± 0,8 | ± 1,5 |
120–315 | ± 0,2 | ±0,5 | ± 1,2 | ± 2,0 |
315–1000 | ± 0,3 | ± 0,8 | ± 2,0 | ± 3,0 |
Når du har saga biten, må du justere han til rett lengde. Dette kan du gjere ved å bruke ei fil eller ein fres. Pass på at alle hjørna blir 90 gradar slik at klossen blir heilt rektangulær.
Kontrollspørsmål
Bruk tabellen over og svar på spørsmåla.
No skal du lage fasongen og dei ulike spora på klossen. Då er det viktig at du måler opp nøyaktig og set gode merke i arbeidsstykket. Du må også her bruke toleransar i samsvar med ISO 2768-1 M. Verktøy vel du sjølv. Du kan bruke baufil, fres eller fil.
I arbeidsteikninga nedanfor er det brukt både heiltrekte og stipla linjer. Kva signaliserer forma på linjene?
No skal du lage dei første tre hola i klossen. Bruk til dømes eit skyvelære eller ein høgderissar for å merke opp hola.
På arbeidsteikninga finn du informasjon om diameteren på hola, avstanden mellom dei og avstanden frå hola og ut til kanten.
Slik får du eit godt resultat
Merk senter for holet med ein kjørnar. Då blir det enklare å treffe rett med boret.
Hola skal vere på 14 mm. Då er det lurt å bore med eit lite bor først. Eit bor på 14 mm har ein ganske brei tverregg. Tverreggen er ikkje skjerande, og du må derfor presse han igjennom stålet. Det gir stor varmeutvikling, noko som er uheldig. Viss du først borar eit lite hol som er litt større ein breidda på tverreggen, vil du få betre skjereeigenskapar for det store boret du skal bruke etterpå.
Bruk Verkstedhandboka for å finne rette skjeredata, og tilpass turtal og mating på boremaskina.
Pass på at du har ei god oppspenning og bruker parallellklossar viss du treng å montere arbeidsstykket litt høgare i maskinstikka.
Du skal no bore fire nye hol. Desse hola skal ha ein diameter på 8 mm.
Mål på same måten som i trinn 5, bruk kjørnar for å merke senter og bor hola. Når du bruker 8 mm-bor, treng du vanlegvis ikkje å førebore med eit mindre bor.
No skal du lage fire hol med gjenge. Sjølve oppmålinga går føre seg på same måten som på tidlegare trinn, og du må også her bruke kjørnar for å merke senterpunktet.
Bruk Verkstedhandboka
Gjenga du skal lage, har dimensjonen M6. Du må då bore eit hol som du kan gjenge opp med ein M6-gjengtapp. Storleiken på holet er oppgitt i kapittel 6 i Verkstedhandboka. Der finn du følgande informasjon:
Gjengenemning | Stordiameter i mm | Veslediameter i mm | Gjengebor i mm |
---|---|---|---|
M2 | 2,0 | 1,48 | 1,6 |
M2,5 | 2,5 | 1,91 | 2,1 |
M3 | 3,0 | 2,35 | 2,5 |
M3,5 | 3,5 | 2,72 | 2,9 |
M4 | 4,0 | 3,09 | 3,3 |
M4,5 | 4,5 | 3,52 | 3,8 |
M5 | 5,0 | 3,96 | 4,2 |
M6 | 6,0 | 4,70 | 5,0 |
Vel M6 og sjekk i tabellen kor stort gjengebor (i mm) du skal nytte. Ved innvendige gjenge er gjengebora alltid mindre enn nemninga på gjenget. Holet må altså vere på mindre enn 6 mm.
Gjengingsprosessen
Når du har bora opp alle fire hola med rett dimensjon, skal du gjenge dei opp med ein gjengetapp montert i eit svingjern.
Hugs at gjengetappen må gå loddrett ned i arbeidsstykket. Det kan derfor vere smart å støtte opp gjengetappen med ein senterspiss i boremaskina.
Når du roterer gjengetappen, må du for kvar omdreiing rotere ei halv omdreiing baklengs for å bryte av sponane som oppstår når gjenga blir skorne.
Du skal no bore fire nye hol på toppen av arbeidsstykket. På desse hola skal du lage ein fin fas, altså ei skrå overflate. Dette blir gjort med eit spesielt verktøy som lagar ein 45 gradars vinkel i kanten av holet. På verkstaden blir dette verktøyet ofte kalla ein forsenkar.
Det er viktig å sjå på måla som oppgir kor djupt du skal lage denne fasen. Det er breidda på fasen i overkant som avgjer kor djupt fasen skal gå.
Du skal no lage dei siste åtte hola, fire på kvar side av klossen. Bruk kjørnar, merk opp og bor hola i rett dimensjon.
Du skal prøve å plassere hola midt på sida. På teikninga er ikkje høgdemålet oppgitt, og du må derfor måle deg fram ved å bruke verktøy og litt matematikk. Kva måleverktøy vil du bruke, og korleis kan du rekne ut midten på arbeidsstykket?
Pass også på at du spenner opp arbeidsstykket på ein sikker måte.
Du er no ferdig med å maskinere arbeidsstykket. Neste arbeidstrinn er å slipe eller pusse alle skarpe kantane slik at delen blir god å halde med hendene.
Du kan no også velje overflatebehandling, altså korleis du vil at overflata på klossen skal bli. Skal ho til dømes pussast heilt blank, eller skal ho lakkerast, målast eller pulverlakkerast? Viss du skal lakkere eller måle, må du tenke på at lakken også kan feste seg i gjenge og hol. Derfor kan det vere smart å maskere dei før lakkering. Alternativt kan du friske opp gjenge med ein gjengetapp etter lakkering.
Når du er ferdig med arbeidsoppdraget, må du gjennomføre ein sluttkontroll. Då skal du skrive ein rapport eller ein logg der du gjer greie for kva du har gjort. Samtidig dobbeltsjekkar du alle måla og sluttresultatet ditt. Dette blir også kalla kvalitetssikring.
Viss du oppdagar eit avvik, må du tenke over kva som gjorde at du fekk avviket. Dersom du klarer å finne ut kva du gjorde feil, kan du òg lære korleis du unngår å gjere same feilen igjen.
Viss du gjerne vil skrive ut arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget, finn du ho som ei PDF-fil nedanfor. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjonen.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen som kan opnast i eit CAD-program som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
Lykke til med oppdraget!
Filer
- UNP 60-boreøving(PDF)
Relatert innhald
Lær korleis du kan lage deg ein plan for eit arbeidsoppdrag.
Her kan du lære om omgrepa skjerehastigheit og omdreiingstal i samband med dreiing.