Hopp til innhald

Fagstoff

Sikker bruk av maskiner

På verkstaden kjem du til å bruke store maskiner. Dei kan vere farlege om du ikkje veit korleis du skal starte dei på ein sikker måte. Her får du ei enkel innføring.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikker oppstart

Her får du ei enkel innføring i korleis du kan starte dei enkelte maskinene på verkstaden på ein sikker måte, og korleis du kan sjekke sikkerheitsanordningane. Før du kan ta i bruk maskinene, må du likevel gjennomføre ei dokumentert sikkerheitsopplæring, og læraren må stadfeste at du har tilstrekkeleg kunnskap til å bruke maskinene på ein trygg og sikker måte.

Dreiebenk

Dreiebenken bruker vi til sponfråskiljande tilarbeiding. Det betyr at vi fjernar materiale frå eit arbeidsemne. Dreiebenken roterer arbeidsemnet, og vi pressar eit skjerande verktøy mot arbeidsemnet for å fjerne materiale.

Kva for farar trur du kan oppstå når du bruker ein dreiebenk? I denne filmen får du eit innblikk i sikkerheitskrava som blir stilte viss du skal nytte ein manuelt styrt dreiebenk.

Fres

Ein fres er ei avansert utgåve av ei boremaskin. Fresen har mange avanserte funksjonar, og det blir kravd at du har fått godkjend opplæring før du nyttar maskina.

Videoen gir deg eit innblikk i korleis maskina og verneinnretningane fungerer, og korleis du kan ta vare på eiga sikkerheit mens du nyttar maskina.

Søyleboremaskin

Søyleboremaskinen er, som namnet seier, ei boremaskin som er montert på ei søyle. Du beveger maskina oppover og nedover med ein spak.

Også her er det ein del sikkerheitskrav knytte til bruken, og du vil få ei kort innføring i dei viktigaste krava i denne filmen.

Benkslipar

Benksliparen er ei maskin som blir nytta til sliping. Her roterer slipeskivene med høg fart, og du risikerer å skade deg om du ikkje nyttar benksliparen i samsvar med sikkerheitsforskriftene.

Filmen nedanfor beskriv korleis du varetek sikkerheita når du bruker benkslipar.

Vinkelslipar

Vinkelsliparen er ei handhalden slipemaskin. Slipeskivene roterer med særs høg fart og kan gjere stor skade.

Videoen gir deg eit innblikk i korleis du varetek di eiga og andre si sikkerheit når du bruker vinkelsliparen.

Platesaks

Platesaksa nyttar vi til å kutte plater. Ho fungerer på same måte som ei vanleg saks.

Maskina har store krefter, og det er derfor viktig at du veit korleis sikkerheitssinstallasjonane på ho fungerer. Videoen viser deg korleis du bruker platesaksa på ein sikker måte.

Bandsag

Bandsaga blir brukt til å sage materiale. Ho har eit sagband som er motordrive, og kan vere farleg å nytte utan opplæring. Dessutan inneheld kjølevæska som blir nytta, kjemikal som du må vite om.

I videoen viser ein elev deg korleis du bruker bandsaga på ein sikker måte.

CNC-dreiebenk

CNC-dreiebenken er ein automatisert versjon av dreiebenken. For å køyre maskina må du bruke ein programmert kode. Sidan denne koden er automatisert, er det spesielt viktig at du kjenner til nødstopp og andre sikkerheitsinnretningar i tilfelle det er ein feil i programmet du køyrer.

Videoen gir deg eit innblikk i korleis sikkerheitsinnretningane på maskina fungerer.

Gassbrennar

Når du bruker gassbrennaren, jobbar du med open flamme. Gassbrennaren får tilført ein brennbar gass saman med oksygen.

Open flamme og brennbar gass kan skape brann- og eksplosjonsfare, og det er derfor heilt nødvendig at du kjenner til rett bruk av utstyret.




Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2023

Læringsressursar

HMS for eleven