Hopp til innhald

Fagstoff

Om eksamen

I faget marknadsføring og leiing 2 kan elevane trekkast ut til skriftleg eller munnleg eksamen. At du som lærar legg til rette for munnleg og skriftleg eksamenstrening, vil komme elevane dine til gode.
Lærar hjelper elevar i klasserommet. Han står overfor to elevar og forklarer mens dei sit ved pultane sine. Foto.

Skriftleg eksamen

Elevane kan bli trekte ut til sentralt gitt skriftleg eksamen i marknadsføring og leiing 2. Eksamen er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet, varer i fem timar og skal leverast elektronisk.

Førebuingsdag

I faget marknadsføring og leiing 2 er det ein førebuingsdag der elevane får tilgang til førebuingsmateriell digitalt. Dette blir tilgjengeleg kl. 9 på førebuingsdagen. Då får dei òg oppgitt kva for eit tema og fagområde dei skal arbeide med på førebuingsdagen i tillegg til situasjonsbeskriving og eventuelle kjelder og søkeord. Førebuingsdelen skal førebu dei på utfordringar dei kan møte under eksamen, men det er kompetansen elevane viser på eksamensdagen som skal vurderast.

Eksamensdag

Oppgåvene som blir gitte på skriftleg eksamen, er baserte på kompetansemål i læreplanen og er knytte til ei situasjonsbeskriving. På skriftleg eksamen får elevane bruke hjelpemiddel, men det er ikkje tillate for dei å kommunisere med andre på nettet eller på andre måtar under eksamen. Vidare er det ikkje tillate å bruke automatisk tekstgenerator som chatbot eller tilsvarande teknologi.

Elevane har tilgang til eit avgrensa utval nettbaserte hjelpemiddel på eksamen, men ikkje internett elles. Dei vil mellom anna ha tilgang til læringsressursar på NDLA. Sjå elles oversikt over nettressursar til eksamen på Vigo IKS.

Vurdering

Grunnlaget for vurdering er "Kompetansemål og vurdering" i læreplanen for programfaget marknadsføring og leiing 2 på Udir og "Vurderingskriterium til skriftleg eksamen". Karakteren skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen til eleven slik han kjem fram på eksamen.

Tips til eksamenstreningsoppgåver

Her er nokre forslag til caseoppgåver som kan brukast som øving til ein eventuell skriftleg eksamen:

Å la elevane jobbe med tidlegare eksamensoppgåver er nyttig eksamenstrening. I lenka nedanfor kan du finne tidlegare eksamensoppgåver utarbeidde av Udir (krever passord). I tillegg finn du eksamensrettleiing frå 2024 som består av to delar. Den første delen gir informasjon om gjennomføring av eksamen og vurdering av eksamenssvar. Den andre delen gir ei beskriving av eksamensoppgåva som blei gitt våren 2023 og tre vurderte eksempelsvar (karakter 6, 4 og 2).

Eksamensoppgåver- og ressursar for SAM3046 Marknadsføring og leiing 2 (udir.no)

Munnleg eksamen

Munnleg eksamen er todelt og består av ein førebuingsdag og sjølve eksamensdagen. Kvar kandidat har eksamenstid på 30 minutt på eksamensdagen. Munnleg eksamen i marknadsføring og leiing 2 er lokalt gitt. Det betyr at du har laga/vore med på å lage oppgåvesetta elevane dine kan få på ein eventuell munnleg eksamen.

Ein god eksamen skal vere valid, det vil seie at han skal teste det han er meint å teste. Vidare skal ei god vurdering vere reliabel, det vil seie konsistent ved at same prestasjon skal gi same karakter med ulike sensorar. Målet bør vere at samarbeidet internt på skulen og mellom deg som eksaminator og sensor skal gjere at det blir mest mogleg validitet og reliabilitet i resultatet.

Førebuingsdag

Elevane skal møte på skulen og trekke oppgåvesett. Trekket skal vere tilfeldig og ikkje bli styrt av faglærar, men same oppgåvesett kan trekkast av inntil tre elevar på same parti. Same situasjonsbeskriving/case kan brukast som utgangspunkt for heile partiet, men då med noko ulik vinkling.

Oppgåvesettet skal gi elevane eit utgangspunkt for eksamen, men eleven skal ikkje få vite kva spørsmål som skal brukast under sjølve eksamen. Saman med oppgåvesettet skal det opplysast om aktuelle kompetansemål og vurderingskriterium.

Elevane har rett til rettleiing, og det er formålstenleg at du som faglærar er rettleiar. Det er ikkje eit krav at rettleiar skal vere saman med elevane heile dagen. Elevane kan avtale tid for rettleiing.

Elevane vel sjølv om dei vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. Det kan vere lurt å tenke gjennom på førehand kva du skal svare dersom nokon av elevane spør deg om råd knytte til om dei bør velje å ha presentasjon på munnleg eksamen eller ikkje.

For elevar som vel å ha ein presentasjon, kan denne som sagt utgjere inntil 10 minutt. Elevane får deretter oppfølgingsspørsmål til presentasjonen. Resten av eksamen er ein fagsamtale om dei oppgitte kompetansemåla.

For elevar som vel å ikkje ha ein presentasjon, startar fagsamtalen med ein gong. For elevar som ikkje får vist nok kompetanse i faget innanfor gitte kompetansemål til å bestå eksamen, kan det òg eksaminerast i andre delar av læreplanen.

Å stille spørsmål på munnleg eksamen

På munnleg eksamen er det du som faglærar som er eksaminator, altså den som leier samtalen og stiller spørsmål. Eksaminering og vurdering skjer i sanntid, og på munnleg eksamen er det eit samspel mellom deg som eksaminator, eleven og sensor.

Det er lurt å tenke over korleis du som lærar kan legge til rette for at elevane får vist mest mogleg kompetanse. Du kan til dømes reflektere over følgande:

  • Skal du stille fleire spørsmål etter kvarandre, såkalla multiple spørsmål?

    Kan multiple spørsmål fungere som stillas for elevane, eller kan det avgrense høvet til å vise kompetanse?

  • Korleis skal du handtere mangelfulle svar?

    Skal du stille eit nytt, omformulert spørsmål, eller skal du gå vidare til eit anna spørsmål?

I videoane under kan du høyre meir om multiple spørsmål og det å handtere mangelfulle svar:

Vimeo: Multiple spørsmål –Karianne

Vimeo: Lærer drar ut svar –Maria Vonen

Tenk over

Kva meiner du kan vere fordelar og ulemper med

  • å stille multiple spørsmål

  • å prøve å få elevar til å svare på spørsmål sjølv om dei har sagt at dei ikkje kan svare

  • å stille eit spørsmål som: "Er det noko du har lyst til å seie, som du ikkje har fått sagt?"

Elevane kjenner ofte på nervar på eksamensdagen, og det same kan gjelde for deg som lærer. Her er nokre tips som kan komme både deg som lærar og elevane til gode:

  • Tenk over kva du vil spørje om, og korleis du vil formulere spørsmåla.

  • Lag ein spørsmålsguide med sentrale og opne spørsmål og tenk ut nokre oppfølgingsspørsmål.

  • Ver klar over at elevane skal få høve til å vise kompetanse, at spørsmåla er varierte, og at dei dekker ulike kompetansemål.

  • Gi elevane god nok tid til å svare på spørsmål under eksamineringa.

  • Unngå å bruke veldig mykje tid på å dra ut svar når elevane har sagt dei ikkje veit svaret.

  • Følg med på tida. Bruk gjerne stoppeklokke under eksamineringa.

Vurdering

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla i læreplanen for programfaget marknadsføring og leiing 2 på Udir og vurderingskriterium. Her er eit forslag til vurderingskriterium til munnleg eksamen. Karakteren skal vere ei heilskapsvurdering av eleven sin kompetanse slik han kjem fram på eksamen.

Dersom eleven vel å innleie eksamen med ein presentasjon, skal ikkje den digitale/skriftlege framstillinga i presentasjonen, som er laga i førebuingstida, vurderast i seg sjølv. Derimot skal kompetansen eleven viser munnleg gjennom presentasjonen sin på eksamensdagen saman med oppfølgingsspørsmåla og fagsamtalen, vurderast.

Tips til eksamenstreningsoppgåver

Her er nokre forslag til oppgåvesett som kan brukast som øving til ein eventuell munnleg eksamen:

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2024

Læringsressursar

Om betafaget