Hopp til innhald
Oppgåve

Trøll

Her er ei caseoppgåve om den fiktive drikken Trøll. Det kan vere nyttig å bruke ho som ei øving til ein eventuell skriftleg eksamen.

Trøll

Denne caseoppgåva er fin å bruke som om ho skulle vore ein reell skriftleg eksamen – så langt det let seg gjere. Sjå retningslinjer for eksamen nedanfor.

Retningslinjer for eksamen
  • Hjelpemiddel er tillatne, men det er ikkje tillate å kommunisere med andre på nettet eller på andre måtar under eksamen.

  • Du har tilgang til eit avgrensa utval nettbaserte hjelpemiddel under eksamen, men ikkje internett elles. Du vil mellom anna ha tilgang til læringsressursar på NDLA. Sjå elles oversikt over nettressursar til eksamen – Vigo IKS.

  • Det er ikkje tillate å bruke automatisk tekstgenerator som chatbot eller tilsvarande teknologi.

  • Sentralt gitt skriftleg eksamen i marknadsføring og leiing 2 varer i fem timar.

Situasjonsbeskriving

Det har vore ein eksplosjon av sal av energidrikkar i Noreg. I 2022 drakk nordmenn over 73 millionar liter energidrikk, ifølge Bryggeri- og drikkevareforeningen. Fleire influensarar profilerer desse drikkane, mellom anna på Tik Tok.

Blant barn og unge i alderen 10–18 år sa Forbrukerrådet si undersøking frå 2021 at 43 % drakk energidrikk minst éin gong i veka. Fleire unge melde om biverknader som skjelving, hjartebank, hyperaktivitet, hovudpine og brystsmerter som følge av inntak av energidrikk. Forbrukarrådet har jobba for ei aldersgrense for kjøp av energidrikkar, og i mai 2023 blei det eit fleirtal på Stortinget for å innføre eit forbod mot salg av energidrikk til barn under 16 år.

Ein norsk leskedrikkprodusent som har produsert brus og energidrikk i fleire år, ønsker no å tilby eit sunnare alternativ.

Målet er at dette produktet skal konkurrere med populære energidrikkar på marknaden. Produktet skal bestå av vatn gjort rikt med vitamin for å booste energinivået, for så å bli tilsett fruktsmak. Første smak ut er blodappelsin. Designet på boksen med vitaminvatn minner om designet på energidrikk-boksar. Dei har valt Trøll som namn på produktet og ser for seg at Trøll kan bli ei sterk merkevare i den norske leskedrikkmarknaden.

I tillegg til opplysningane i situasjonsskildringa ovanfor må du legge til eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig.

Oppgåve 1

Gi eit grunngitt forslag til visjon og forretningsidé for det nye vitaminvatnet på boks, Trøll.

Oppgåve 2

Vurder og gi grunngivande tilrådingar til korleis Trøll kan etablere seg som ei sterk merkevare med ein tydeleg posisjon i den norske leskedrikkmarknaden.

Oppgåve 3

Gjer greie for ulike faktorar som påverkar prissetjing og anbefal ein prisstrategi for Trøll.

Tips til å skrive eit godt svar
  • Les oppgåvene og situasjonsbeskrivinga nøye før du begynner å svare på oppgåvene. Sikre deg at du forstår kva oppgåvene ber deg om å gjere.

  • Svar presist og relevant på det oppgåva ber deg om.

  • Merk deg handlingsverb i oppgåvene, slik at du drøftar der du blir beden om å drøfte og så vidare.

  • Jobb med å skape ein god struktur i svaret ditt. Sørg for ein raud tråd gjennom svaret av kvar oppgåve.

  • Bruk formålstenlege kjelder og siter og vis på ein etterprøvbar måte.

  • Bruk og definer relevante fagomgrep.

  • Bruk relevant fagstoff, faktainformasjon og refleksjon til å komme fram til og underbygge grunngivingar, framheve poeng og komme med tilrådingar. Gjer greie for val du tek undervegs i svaret ditt.

Kjelder

Bryggeri- og drikkevareforeningen. (2022, 31. desember). Salgsstatistikk energidrikker. (https://bryggeriforeningen.no/tall-og-fakta/salgsstatistikk/?PT_Radnr=5&mnd=12&aar=2022

Forbrukerrådet. (2021, 22. november). Stadig flere barn og unge drikker energidrikker. https://www.forbrukerradet.no/siste-nytt/stadig-flere-barn-og-unge-drikker-energidrikker/

Hansen, K. W. (2019, 14. oktober). Ny undersøkelse om energidrikk: - Det er grunn til å advare. Avisa Nordland. https://www.an.no/ny-undersokelse-om-energidrikk-det-er-grunn-til-a-advare/s/5-4-1101046

L.K. Noer. (Regissør). (2020, 16. september) Influenser [Episode i TV-serie]. Innafor. NRK. https://tv.nrk.no/serie/innafor/2020/MDDP12100320/avspiller

Solheim, E.K. (2023, 25. februar). Sportsdrikken Prime rives ut av butikkhyllene i Norge. VG. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/5BWEKX/rives-ut-av-butikkhyllene-folk-er-gale-etter-det

Relatert innhald