Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oda

Her er eit forslag til ein førebuingsdel de kan bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen i marknadsføring og leiing 2.
Gul lastebil med Oda-logoen på sida står i eit vegkryss framfor eit grønt hus. Foto.

Case: Oda

Denne førebuingsdelen kan vere fin å bruke som om han skulle vore ein reell munnleg eksamen – så langt det let seg gjere. Sjå retningslinjer for munnleg eksamen nedanfor.

Retningslinjer for munnleg eksamen

To vyrkedagar før eksamen får du som elev vite at du er trekt ut i faget.

Munnleg eksamen er todelt og består av

  • Førebuingstid: 24 timar

  • Eksamenstid: inntil 30 minutt

På førebuingsdagen møter du på skulen og trekker ein førebuingsdel. Du får utdelt relevante kompetansemål frå læreplanen og vurderingskriterium saman med førebuingsdelen. Dette gir deg eit utgangspunkt for å førebu deg til munnleg eksamen, men du får ikkje vite kva spørsmål som skal brukast under sjølve eksamen. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne.

Du vel sjølv om du vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. Dersom du vel å innleie eksamen med ein presentasjon, skal ikkje eit eventuelt produkt som er laga i førebuingstida bli vurdert i seg sjølv. Kompetansen du viser munnleg gjennom ein presentasjon på eksamensdagen, blir vurdert saman med etterfølgande oppfølgingsspørsmål og fagsamtale.

Eksamenstida er inntil 30 minutt. På eksamensdagen kan du ta med notat frå førebuingsdagen og ulike hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre ein eventuell presentasjon. Fagsamtalen føregår utan hjelpemiddel og tek i hovudsak utgangspunkt i kompetansemål som er knytte til casen du fekk utdelt i førebuingsdelen.

Grunnlaget for vurderinga er kompetansemåla du fekk oppgitt i førebuingsdelen og vurderingskriterium. Karakteren skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen slik han kjem fram på eksamen.

Kompetansemål:

  • velge og bruke kilder, markedsførings- og ledelsesteorier og modeller i arbeid med faglige spørsmål, emner og dagsaktuelle problemstillinger

  • bruke situasjonsanalyse og bransjeanalyse og vurdere markedsstrategiske beslutninger

  • utvikle distribusjonsstrategier og vurdere påvirkning av makt og avhengighet i en verdikjede

  • drøfte ulike faktorer som påvirker prissetting, og utvikle prisstrategier

  • utvikle og begrunne helhetlige markedsstrategier og drøfte etisk bruk av konkurransemidler

  • drøfte virksomheters samfunnsansvar ut fra et etisk, lovmessig og forretningsmessig perspektiv, og vurdere dette opp mot virksomhetens omdømme

Relatert innhald

Døme på ein førebuingsdel knytt opp mot Pink Fish, som kan vere nyttig å bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Camilla Eilertsen.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2023

Læringsressursar

Eksamenstrening