Hopp til innhald
Oppgåve

Pink Fish

Her er eit forslag til ein førebuingsdel de kan bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen marknadsføring og leiing 2.

Case: Pink Fish

Denne førebuingsdelen kan vere fin å bruke som om han skulle vore ein reell munnleg eksamen – så langt det let seg gjere. Sjå retningslinjer for munnleg eksamen nedanfor.

Retningslinjer for munnleg eksamen

To vyrkedagar før eksamen får du som elev vite at du er trekt ut i faget.

Munnleg eksamen er todelt og består av

  • Førebuingstid: 24 timar

  • Eksamenstid: inntil 30 minutt

På førebuingsdagen møter du på skulen og trekker ein førebuingsdel. Det blir delt ut relevante kompetansemål frå læreplanen og vurderingskriterium saman med førebuingsdelen. Dette gir deg eit utgangspunkt til å førebu deg til munnleg eksamen, men du får ikkje få vite kva spørsmål som skal brukast under sjølve eksamen. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne.

Du vel sjølv om du vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. Dersom du vel å innleie eksamen med ein presentasjon, skal ikkje eit eventuelt produkt som er laga i førebuingstida bli vurdert i seg sjølv. Kompetansen du viser munnleg gjennom ein presentasjon på eksamensdagen, blir vurdert saman med etterfølgande oppfølgingsspørsmål og fagsamtale.

Eksamenstida er inntil 30 minutt. På eksamensdagen kan du ta med notat frå førebuingsdagen og ulike hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre ein eventuell presentasjon. Fagsamtalen føregår utan hjelpemiddel og tek i hovudsak utgangspunkt i kompetansemål knytte til ein case som er gitt i førebuingsdelen.

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla, som er oppgitte i førebuingsdelen, og vurderingskriterium. Karakteren skal skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen slik han kjem fram på eksamen.

Kompetansemål:

  • velge og bruke kilder, markedsførings- og ledelsesteorier og modeller i arbeid med faglige spørsmål, emner og dagsaktuelle problemstillinger

  • drøfte og begrunne ulike faktorer som påvirker målgruppevalg

  • vurdere og utvikle kommunikasjonsstrategier, utforske dagsaktuelle kommunikasjonskanaler og planlegge mediemiks

  • vurdere lederens rolle og funksjon i utviklingen av markedsstrategi og i internmarkedsføring

  • utvikle og begrunne helhetlige markedsstrategier og drøfte etisk bruk av konkurransemidler

  • vurdere bærekraftige valg for virksomheter med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Oda

Døme på ein førebuingsdel knytt opp mot Oda, som kan vere nyttig å bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen.