Hopp til innhald

Fagstoff

Skriftleg eksamen

Her får du informasjon om korleis sentralt gitt skriftleg eksamen føregår og tips til korleis du kan førebu deg og skrive eit godt eksamenssvar.
Portrett av ei ung kvinne framfor pc-en sin i eit klasserom. Ho har notatbok og blyant, ser opp og smiler. Ved sida av henne sit fleire elevar ved pultane sine i ein hestesko. Foto.

Rammer for skriftleg eksamen

  • Du kan bli trekt ut til sentralt gitt skriftleg eksamen i marknadsføring og leiing 2. Eksamen er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet og skal leverast elektronisk.

  • Sentralt gitt skriftleg eksamen i marknadsføring og leiing 2 varer i fem timar.

  • Oppgåvene som blir gitte på skriftleg eksamen, er baserte på kompetansemål i læreplanen og er knytte til ei situasjonsskildring.

  • Hjelpemiddel er tillatne, men det er ikkje tillate å kommunisere med andre på nettet eller på andre måtar under eksamen.

  • Du har tilgang til eit avgrensa utval nettbaserte hjelpemiddel, men ikkje internett elles. Du vil mellom anna ha tilgang til læringsressursar på NDLA. Sjå elles oversikt over nettressursar til eksamen – Vigo IKS.

  • Det er ikkje tillate å bruke automatisk tekstgenerator som chatbot eller tilsvarande teknologi.

Førebuing

I faget marknadsføring og leiing 2 er det ein førebuingsdag der du får tilgang til førebuingsmateriell digitalt. På førebuingsdagen får du oppgitt kva tema, fagområde eller situasjonsskildring du skal arbeide med på førebuingsdagen i tillegg til eventuelle kjelder og søkeord . Førebuingsdelen skal førebu deg på utfordringar du kan møte under eksamen, men det er kompetansen du viser på eksamensdagen som skal vurderast.

Tips og råd for skriftleg eksamen

  • Les oppgåvene og situasjonsskildringa nøye før du begynner å svare på oppgåvene. Sikre deg at du forstår kva oppgåvene ber deg om å gjere.

  • Svar presist og relevant på det oppgåva ber deg om.

  • Merk deg handlingsverb i oppgåvene, slik at du drøftar der du blir beden om å drøfte og så vidare.

  • Jobb med å skape ein god struktur i svaret ditt. Sørg for ein raud tråd igjennom teksten til kvar oppgåve.

  • Bruk formålstenlege kjelder og siter og vis på ein etterprøvbar måte.

  • Bruk og definer relevante fagomgrep.

  • Bruk relevant fagstoff, faktuminformasjon og refleksjon for å komme fram til og underbygge grunngivingar, framheve poeng og komme med tilrådingar. Gjer greie for val du tek undervegs i svaret ditt.

  • Disponer tida di godt, slik at du får nok tid på dei ulike oppgåvene.

Vurdering

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla i læreplanen for programfaget marknadsføring og leiing 2 (Udir) og vurderingskriterium til skriftleg eksamen. Karakteren skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen din slik han kjem fram på eksamen.


Relatert innhald

Oppgåve om den fiktive drikken Trøll, som kan brukast til eksamenstrening for faget marknadsføring og leiing 2.

Oppgåve om det fiktive klesmerket THUN som kan brukast i eksamenstrening for faget marknadsføring og leiing 2.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2023

Læringsressursar

Eksamenstrening