Hopp til innhald
Oppgåve

Shake X

Her er ei caseoppgåve om den fiktive verksemda Shake X. Det kan vere nyttig å bruke ho som ei øving til ein eventuell skriftleg eksamen.

Shaxe X

Denne caseoppgåva er fin å bruke som om ho skulle vore ein reell skriftleg eksamen – så langt det let seg gjere. Sjå retningslinjer for eksamen nedanfor.

Retningslinjer for eksamen
  • Hjelpemiddel er tillatne, men det er ikkje tillate å kommunisere med andre på nettet eller på andre måtar under eksamen.

  • Du har tilgang til eit avgrensa utval nettbaserte hjelpemiddel på eksamen, men ikkje internett elles. Du vil mellom anna ha tilgang til læringsressursar på NDLA. Sjå elles oversikt over nettressursar til eksamen – Vigo IKS.

  • Det er ikkje tillate å nytte automatisk tekstgenerator som chatbot eller tilsvarande teknologi.

  • Sentralt gitt skriftleg eksamen i marknadsføring og leiing 2 varer i fem timar.

Situasjonsskildring

På slutten av 90-talet lanserte Tine produkt ved namn OX. Dette var smakstilsette mjølkedrikker som hadde ungdommar som målgruppe. OX-produkta blei likevel ingen stor suksess. Les meir om dette i kjelda nedst.

Shake X derimot er ei norsk verksemd som ønsker å følge ein trend i tida med sunn og naturleg mat og drikke. Dei ønsker å lansere nye typar milkshakar som skal vere tilsette ekstra vitamin og protein. Shake X ønsker å lansere to ulike smakar i første omgang:

  • LOL – med smak av bringebær, sitron og guava

  • YOLO – med smak av kokos, chili og ananas

Shake X kjøper berre mjølk frå norske bønder og jobbar med sertifiserte berekraftige leverandørar. Verksemda har fokus på berekraftig emballasje og produksjon.

Leverandørar til dei store norske daglegvarekjedene må ofte jobbe hardt for å få innpass i butikkane. Shake X har likevel som mål å få selje hos daglegvarekjedene og har stor tru på produktet sitt. Dei håper og trur at lanseringa deira skal gå betre enn Tine si lansering av OX.

I tillegg til opplysningane i situasjonsskildringa ovanfor må du legge til eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig.

Oppgåve 1

Gjer eit målgruppeval for Shake X. Drøft og grunngi segmenteringsstrategien du har brukt.

Oppgåve 2

Kom med forslag til ein distribusjonsstrategi for Shake X. Korleis kan makt og avhengnad i verdikjeda påverke moglege distribusjonsstrategiar?

Oppgåve 3

Gi eit grunngitt forslag til kommunikasjonsstrategi, der du foreslår dagsaktuelle kommunikasjonskanalar for Shake X.

Tips til å skrive eit godt svar
  • Les oppgåvene og situasjonsskildringa nøye før du begynner å svare på oppgåvene. Sikre deg at du forstår kva oppgåvene ber deg om å gjere.

  • Svar presist og relevant på det oppgåva ber deg om.

  • Merk deg handlingsverb i oppgåvene, slik at du drøftar der du blir beden om å drøfte og så vidare.

  • Jobb med å skape ein god struktur. Sørg for ein raud tråd gjennom svaret på kvar oppgåve.

  • Bruk formålstenlege kjelder og siter og vis på ein etterprøvbar måte.

  • Bruk og definer relevante fagomgrep.

  • Bruk relevant fagstoff, faktuminformasjon og refleksjon til å komme fram til og underbygge grunngivingar, framheve poeng og komme med tilrådingar. Gjer greie for val du tek undervegs i svaret ditt.

Kjelde

Evensen, G. (2011, 21. april). "OX" – hvil i fred. https://www.nrk.no/kultur/_ox_---hvil-i-fred-1.