Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

THUN

Her er ei caseoppgåve om det fiktive klesmerket THUN. Oppgåva kan brukast som øving til ein eventuell skriftleg eksamen.
Modell med strikkegenser sett inn i ein stilisert bjørkeskog. Strikkegenseren er i fargane grønt, brunt og off-white. Modellen har òg på seg eit off-white skjørt og grøne støvlettar. Håret er brunt og matchar med brunfargen i genseren. Omarbeidd foto.

Thun

Denne caseoppgåva er fin å bruke som om det skulle vore ein reell skriftleg eksamen – så langt det let seg gjere. Sjå retningslinjer for eksamen nedanfor.

Retningslinjer for eksamen
  • Hjelpemidler er tillatne, med det er ikkje tillate å kommunisere med andre på nettet eller på andre måtar under eksamen.

  • Du har tilgang til eit avgrensa utval nettbaserte hjelpemiddel, men ikkje internett elles. Du vil mellom anna ha tilgang til læringsressursar på NDLA under eksamen. Sjå elles oversikt over nettressursar til eksamen på Vigo IKS.

  • Det er ikkje tillate å bruke automatisk tekstgenerator som chatbot eller tilsvarande teknologi.

  • Sentralt gitt skriftleg eksamen i marknadsføring og leiing 2 varer i fem timar.

Situasjonsbeskriving

Mote- og tekstilindustrien er den nest mest forureinande industrien i verda. Dei siste 20 åra har klesproduksjonen dobla seg – til over 100 milliardar plagg i året. I tillegg er det berre ein prosent av kleda som blir resirkulerte. Ifølge tal frå SIFO har nordmenn i gjennomsnitt 359 plagg i klesskapet. Kvart femte plagg blir sjeldan eller aldri brukt, og vi kastar i snitt 23 kilo klede kvart år.

For å produsere éi enkelt T-skjorte trengs det 1 400 liter vatn. Det svarer til meir enn ti fulle badekar. Bomull er nemleg ein veldig tørst plante, og kleda våre kan dermed ha ein svært negativ påverknad på miljøet. Det blir òg brukt mykje kunstgjødsel og sprøytemiddel på bomullsmarkene.

Grete Thundal er ein kjend influensar som tek miljøet på alvor. Ho ønsker å bidra positivt i verda ved å lansere sitt eige klesmerke. Merket skal heite THUN og ta utgangspunkt i det nordiske. Miljø og samfunnsengasjement skal vere sentrale verdiar.

Grete Thundal ønsker å skape klede av høg kvalitet, og ho vil legge noko av produksjonen i Noreg og resten til utlandet. Målet er at kundane skal tenke meir på kvalitet enn på kvantitet og dermed kjøpe plagg som er slitesterke og varer lengre. THUN ønsker spesielt å nå ut til ungdommen med bodskapen om eit berekraftig forbruk basert på resirkulerte materiale.

I tillegg til opplysningane i situasjonsskildringa ovanfor må du setje eigne føresetnader der du meiner det er nødvendig.

Oppgåve 1

Kom med eit forslag til ein merkevarestrategi for klesmerket THUN, der du gir grunngitte tilrådingar til merkevarebygginga.

Oppgåve 2

Gjer greie for ulike faktorar som påverkar prissetjing og anbefal ein prisstrategi for THUN.

Oppgåve 3

Drøft THUNs samfunnsansvar ut frå eit etisk, lovmessig og forretningsmessig perspektiv. Gjer greie for korleis graden av samfunnsansvar påverkar omdømmet for verksemda.

Tips til å skrive eit godt svar
  • Les oppgåvene og situasjonsskildringa nøye før du begynner å svare på oppgåvene. Sikre deg at du forstår kva oppgåvene ber deg om.

  • Svar presist og relevant på det oppgåva ber deg om.

  • Merk deg handlingsverb i oppgåvene, slik at du drøftar der du blir beden om å drøfte og så vidare.

  • Jobb med å skape ein god struktur i svaret ditt. Sørg for ein raud tråd gjennom teksten til kvar oppgåve.

  • Bruk formålstenlege kjelder og siter og vis på ein etterprøvbar måte.

  • Bruk og definer relevante fagomgrep.

  • Bruk relevant fagstoff, faktainformasjon og refleksjon til å komme fram til og underbygge grunngivingar, framheve poeng og komme med tilrådingar. Gjer greie for val du tek undervegs i svaret.

Kjelder

Klepp, I. G. og Laitala, K. 2016. Klesforbruk i Norge. Fagrapport nr. 2. SIFO. Henta frå https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/bitstream/handle/20.500.12199/5331/file80574_file80519_fagrapport_nr._2-2016_rapport_klesforbruk.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Senneset, I. (2019, 1. juli). FN-rapport: Klesindustrien står for større utslipp enn fly og skip. Henta frå: https://www.aftenposten.no/norge/i/9vrE8d/fn-rapport-klesindustrien-staar-for-stoerre-utslipp-enn-fly-og-skip

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2023

Læringsressursar

Eksamenstrening