Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Too Good To Go

Her er eit forslag til ein førebuingsdel de kan bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen marknadsføring og leiing 2.
Fleire typar brødvarer ligg i hyller med prislapp på kvar enkelt vare. Somme av varene er innpakka i plast- eller papiremballasje. Over brødvarene ligg ein berepose i papir med logoen "Too Good To Go". Foto.

Case: Too Good To Go

Denne førebuingsdelen kan vere fin å bruke som om han skulle vore ein reell munnleg eksamen – så langt det let seg gjere. Sjå retningslinjer for munnleg eksamen nedanfor.

Retningslinjer for munnleg eksamen

To vyrkedagar før eksamen får du som elev vite at du er trekt ut i faget.

Munnleg eksamen er todelt og består av

  • Førebuingstid: 24 timar

  • Eksamenstid: inntil 30 minutt

På førebuingsdagen møter du på skulen og trekker ein førebuingsdel. Relevante kompetansemål frå læreplanen og vurderingskriterium blir gitte saman med førebuingsdelen. Dette gir deg eit utgangspunkt for å førebu deg til munnleg eksamen, men du får ikkje vite kva spørsmål som skal brukast under sjølve eksamen. På førebuingsdagen er alle hjelpemiddel tillatne.

Du vel sjølv om du vil førebu ein presentasjon til eksamensdagen. Presentasjonen kan utgjere inntil 10 minutt av eksamenstida. Dersom du vel å innleie eksamen med ein presentasjon, skal ikkje eit eventuelt produkt som er laga i førebuingstida blir vurdert i seg sjølv. Kompetansen du viser munnleg gjennom ein presentasjon på eksamensdagen, blir vurdert saman med etterfølgande oppfølgingsspørsmål og fagsamtale.

Eksamenstida er inntil 30 minutt. På eksamensdagen kan du ta med notat frå førebuingsdagen og ulike hjelpemiddel som er relevante for å gjennomføre ein eventuell presentasjon. Fagsamtalen føregår utan hjelpemiddel og tek i hovudsak utgangspunkt i kompetansemål knytte til casen som blei gitt i førebuingsdelen.

Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla, som blei oppgitte i førebuingsdelen, og vurderingskriterium. Karakteren skal skal vere ei heilskapsvurdering av kompetansen slik han kjem fram på eksamen.

Kompetansemål:

  • velge og bruke kilder, markedsførings- og ledelsesteorier og modeller i arbeid med faglige spørsmål, emner og dagsaktuelle problemstillinger

  • drøfte og begrunne ulike faktorer som påvirker målgruppevalg

  • utvikle merkevarestrategier og vurdere posisjonering i merkevarebygging

  • vurdere og utvikle kommunikasjonsstrategier, utforske dagsaktuelle kommunikasjonskanaler og planlegge mediemiks

  • vurdere hvordan virksomheter kan utvikle helhetlig markedsmiks, og utforske ulike metoder for å måle effekten av markedsføringstiltakene

  • vurdere bærekraftige valg for virksomheter med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold

Relatert innhald

Døme på ein førebuingsdel knytt opp mot Pink Fish, som kan vere nyttig å bruke som øving til ein eventuell munnleg eksamen.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Camilla Eilertsen.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2023

Læringsressursar

Eksamenstrening