Hopp til innhald

Fagstoff

Oppbygging av faget

Dette læremiddelet for programfaget marknadsføring og leiing 2 skal dekke kompetansemåla for faget i LK20.Her vil du finne læringsressursar i form av fagartiklar, oppgåver, filmar, podkastar, spel og ressursar for eksamenstrening.
Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.

Fullverdig læremiddel

For programfaget marknadsføring og leiing 2 vil du her på NDLA finne læringsressursar som dekker alle kompetansemåla for faget i LK20. Vi vil ha eit rikt innhald med fagartiklar, varierte oppgåver, filmar, podkastar, spel og og ressursar for eksamenstrening.

Læringsressursane våre skal vere relevante og engasjerande og fremme elevaktivitet, utforsking og kritisk tenking. Vidare er vi opptekne av at læringsressursane skal kunne førebu elevane på ein eventuell skriftleg eller munnleg eksamen i faget, og dessutan vidare studiar.

Vi har valt å dele faget inn i følgande emne:

  • Berekraft og samfunnsansvar

  • Visjon, forretningsidé og mål

  • Målgruppeval

  • Situasjonsanalyse og bransjeanalyse

  • Merkevarestrategi

  • Distribusjonsstrategi

  • Prisstrategi

  • Kommunikasjonsstrategi

  • Marknadsstrategi

  • Marknadsføringsleiing

  • Eksamenstrening

Etter kvart som emna blir ferdige, vil vi publisere dei med eit betamerke, som indikerer at faget som heilskap ikkje er ferdig. Har du innspel eller ønske til oppbygging av faget? Ta gjerne kontakt med fagansvarlig på e-post: elisabeth.thoresen.olseng@ndla.no.

Læreplanen

Marknadsføring og leiing 2 er eit sentralt fag for å forstå marknader i ei verd i stadig endring. Med oppdaterte kunnskapar og evner skal elevane kunne utarbeide marknadsføringsstrategiar og setje i verk tiltak for å nå konkrete marknadsføringsmål.

Faget skal bidra til å utvikle skaparglede, engasjement og forskartrong. Elevane skal utfordrast til å reflektere, sjå etter samanhengar, vere kritiske og gå i djupna. Verkelegheitsnære og praktiske problemstillingar i marknadsføringsfaget skal gjere dei i stand til å bruke kritisk tenking og kreativitet for å komme fram til gode løysingar.

Berekraftig utvikling som tverrfagleg tema

Til læreplanen i marknadsføring og leiing 2 høyrer òg det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling:

I markedsføring og ledelse handler det tverrfaglige temaet bærekraftig utvikling om å vurdere etiske og ansvarlige valg for virksomheter med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold. Dette innebærer at virksomheter har et ansvar for å bidra til bærekraftig utvikling gjennom visjoner, forretningsidéer og overordnede mål og ved valg av tiltak og strategier i de ulike prosessene i markedsføringen.

Alle emna har derfor med seg berekraftsperspektivet, i tillegg til at vi har eit eige emne om berekraft og samfunnsansvar i faget. Bruk gjerne òg ressursar frå det tverrfaglege emnet "Berekraftig utvikling".

Kjerneelement

Kjerneelementa er det mest sentrale elevane må lære for å kunne meistre og nytte faget. Kjerneelementa er like for markedsføring og ledelse 1 og 2. Dei pregar derfor innhaldet og progresjonen i læreplanane og skal bidra til at elevane over tid utviklar forståing av innhald og samanhengar i faget.

Markedsanalyse og innsikt

Kjerneelementet markedsanalyse og innsikt handler om perspektiver på markeder, målgrupper og deres behov gjennom innhenting og vurdering av aktuell kunnskap. Dette skal bidra til refleksjon over markeds- og samfunnsutvikling av betydning for markedsføring, for å ta framtidsrettede beslutninger.

Markedsstrategiske vurderinger

Kjerneelementet markedsstrategiske vurderinger handler om å vurdere tiltak og virkemidler for å nå virksomheters mål. Dette innebærer å kunne ta etiske, bærekraftige og markedsstrategiske vurderinger og beslutninger i et ledelsesperspektiv. Det innebærer forståelse for hvordan markedsføring, ledelse og beslutninger henger sammen.

Kreativitet og problemløsninger

Kjerneelementet kreativitet og problemløsninger handler om å vurdere nye og gode løsninger på forhold eller problemstillinger. Det innebærer å kombinere etisk bevissthet og refleksjon med faglig innsikt og bruke relevante virkemidler.

Kompetansemål og vurdering

Læremiddelet i faget vil ha eit variert innhald som dekker alle kompetansemåla i læreplanen for programfaget marknadsføring og leiing 2.

I eit avsnitt om vurdering i læreplanen står det følgande:

Læreren skal legge til rette for elevmedvirkning og stimulere til lærelyst gjennom ulike muntlige, skriftlige og praktiske måter, hvor elevene utforsker og finner svar på faglige spørsmål og problemstillinger med betydning for markedsføring og ledelse.

Målsetjinga vår er at læringsressursane skal vekke lærelyst og gi elevane dei beste føresetnadene for å kunne utvikle kompetanse i faget. Oppgåvene er varierte og kan dermed bidra til eit breitt vurderingsgrunnlag i faget.

Vi håper du finn innhaldet både nyttig og interessant. Lykke til med det gode læringsarbeidet!

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. [2021]. Læreplan i markedsføring og ledelse (MFL01‑03). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/mfl01-03

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2023

Læringsressursar

Om betafaget