Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Camilla Colletts liv og forfattarskap i kontekst

Kven var denne Camilla, som blir rekna som Noregs første feminist? Undersøk fleire kjelder og lag ein podkastepisode der du set forfattarskapen hennar i kontekst.
Ei kvinne skriv med fjørpenn i ei bok. Frå boka kjem det bilete i teikneseriebobler: ein flott mann med flosshatt, ein person som kjempar med å halde hovudet over vatnet, og ei kvinne ved eit skrivebord. Illustrasjon.

Oppgåve

Oppdraget er å lage ein podkastepisode der lyttaren skal lære meir om forfattaren og feministen Camilla Collett. Kven var ho, kva var ho oppteken av, kva skreiv ho om, og kvifor skreiv ho om det?

Del 1: Kva kan du frå før?

  1. Kva knyter du til namnet Camilla Collett?

  2. Korleis ser du for deg at folk levde i Noreg på 1800-talet? Korleis såg kjønnsrollene ut?

  3. Kva slags litteratur blei skriven på 1800-talet?

  4. Diskuter spørsmåla ovanfor i grupper og skriv ned nokre stikkord: Kva er de ganske sikre på, kva må de sjekke med kjelder, og kva har de ikkje noko kunnskap om?

Del 2: Undersøk fleire kjelder

Samarbeid om å finne informasjon til podkasten. Nedanfor har vi samla nokre gode kjelder og oppgåver som kan hjelpe dykk til å lage ein interessant podkast. I tillegg kan de sjølvsagt søkje opp andre kjelder.

Fordel kjeldene i gruppa og noter ned stikkord mens de ser og les:

  1. Artikkel: Camilla Collett – ei modig kvinne

  2. Artikkel: Camilla Colletts liv og forfattarskap

  3. Film: Camilla Collett som teikneserie – bak kulissane

  4. Artikkel: Kjerringa mot strømmen

  5. Artikkel: Demokrati – for alle?

  6. Leksikonartikkel, Snl.no: Camilla Collett

  7. Forfattarside, Bokselskap.no: Camilla Collett

  8. Temaartikkel, Kvinnehistorie.no: Camilla Collett – et feministisk forbilde

Del 3: Lag skisse til podkastepisoden

I grupper: Fortel kvarandre kva de har lært om Camilla Collett og samfunnsforholda på 1800-talet. Kva er mest interessant for lyttarane å høyre om, trur de? Noko nytt, noko overraskande eller noko som forklarer kvifor ho skreiv som ho skreiv?

Diskuter og set opp ein plan for podkastepisoden. Det er lurt å tenkje at de skal ha ei tredeling: ei innleiing der de presenterer temaet og problemstillinga, ein hovuddel der de drøftar temaet, og til slutt ei avrunding der de samanfattar.

Del 4: Spel inn podkasten

I ressursane nedanfor får de tips om kva som er viktig å tenkje over når de skal planleggje og spele inn podkastepisoden.

Relatert innhald

Få gode tips til arbeidet med podkast-oppgåva i desse videoane om podkastar og om lydredigering i gratis-programmet Audacity.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Poetisk realisme