Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Første handling i Peer Gynt

Bli kjend med første handling i Peer Gynt gjennom ein animasjon og ved å framføre utvalde scener i grupper.

Del 1: Kortversjonen av første handling

  • Sjå animasjonen av første del av Peer Gynt (over).

Del 2: Les i grupper

No skal de øve de på å lese sentrale delar av første handling. De skal først øve i grupper, deretter skal kvar gruppe framføre framfor klassen. De finn teksten vedlagt i Word-filer nedanfor.

Til læraren

Nokre elevar hatar å stå framfor klassen. Spør dei om dei kunne tenkje seg å delta i anonyme roller som "flokken", "nokon" eller "andre". Viss dei framleis helst vil sleppe, la dei lese teksten medan dei andre øver. Ingen bør tvingast til å stå framfor klassen viss dei ikkje vil.

Dei sentrale scenene og rollene er:

  • Scene 1: Bukkerittet med Mor Åse og Peer Gynt

  • Scene 2: Hægstadjenta med Mor Åse og Peer Gynt

  • Scene 3: Første møte med Solveig med Peer Gynt, ein mann, ein annan mann, kjøkemester, Solveigs far

  • Scene 4: Fest på Hægstad med Peer Gynt, ei jente, ein mann, ein liten flokk, ein i flokken, ein gut, ei stemme frå flokken, "nokon"(Her kan store delar av klassen vere med i "flokken".)

  • Scene 5: Bruderovet med Mor Åse, Peer, smeden, "nokon", "andre", brudgommen, faren, Hægstadbonden (Også her kan fleire vere med.)

Filer

Del 3: Korleis er Peer?

Peer Gynt og Mor Åse snakker sammen på en scene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Diskuter i grupper kva inntrykk de får av karakteren Peer Gynt etter å ha framført og sett dei sentrale scenene. Ein på gruppa noterer ned minst fem trekk som de synest karakteriserer Peer.

  2. Gå gjennom i plenum og skriv karaktertrekka som alle gruppene oppgir på tavla.

Del 4: Løyndommen bak Peer Gynt

Sjå dokumentaren Hemmeligheten bak Peer Gynt frå 21:28 til 26:00.

Denne delen handlar om første handling. Animasjonen på toppen kjem igjen her, men det gjer ikkje noko å sjå han ein gong til.

Diskuter i plenum:

  1. Kva spørsmål og teoriar om Peer Gynt blir lansert av programleiaren og ekspertane?

  2. Er de einige i tolkingane deira? Grunngi svaret.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Poetisk realisme