Hopp til innhald

Fagstoff

Poetisk realisme

Perioden 1850 til 1870 dannar overgangen mellom romantikken og realismen og blir gjerne omtalt som romantisk eller poetisk realisme.
Barnedåp i Tanum kirke. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mellom romantikk og realisme

Ein viktig forfattar frå denne perioden er Camilla Collett (1813–1895). I romanen hennar Amtmandens Døttre (1854–1855) blir dottera til amtmannen, Sofie, vitne til at søstrene hennar blir gifte bort til menn dei ikkje elskar. Sjølv ønskjer ho å følgje hjartet. Ho forelskar seg i den nytilsette fullmektigen ved amtmanns-kontoret, Georg Kold, men misforståingar og uheldige samantreff fører til at ho mister tilliten til han. Når prosten Rein, ein eldre mann, frir til henne, gjer ho som familien og omgivnadene forventar, og giftar seg med han.

Romantisk skrivemåte – realistisk innhald

Vi plasserer Colletts roman i perioden poetisk (eller romantisk) realisme fordi han både har romantiske og realistiske trekk. Til dømes er skrivemåten typisk for romantikken:

  • Kjensler får stor plass.

  • Dagbokutdrag blir fletta inn i forteljinga. Sjangeren dagbokroman var typisk for romantikken.

  • Forteljaren vender seg direkte til lesaren. Dette er òg typisk for den romantiske skrivestilen. Det er mindre vanleg i realismen, då det bryt med illusjonen om at innhaldet er verkeleg.

Innhaldet har likevel trekk ved seg som er typisk for realismen: Karakterar, handling og miljø i romanen er nøye valde ut for å skape debatt om samfunnsforhold.

Tendenslitteratur

Amtmandens Døttre er det vi kallar tendenslitteratur: Boka har til hensikt å fortelje om urett for å skape forandring. Denne samfunnskritiske haldninga har Amtmandens Døttre felles med den realistiske litteraturen frå 1870- og 1880-talet.

Amtmannens Døtre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit liv i eit vakkert bur?

I det moderne samfunnet vårt ser vi det gjerne som ei sjølvfølgje at vi fritt kan velje kven vi vil gifte oss med. Men slik har det ikke alltid vore. Vi skal ikkje så veldig langt tilbake i historia før vi òg i Noreg finn eit samfunn der sosiale forhold og økonomiske omsyn var avgjerande for kven som kunne gifte seg med kven.

På Camilla Colletts tid hadde kvinnene i overklassen på mange måtar eit privilegert liv, men som alle andre kvinner i samfunnet mangla dei like fullt ei rekkje rettar som vi i dag ser på som ei sjølvfølgje.

Ei meir jordnær skildring av den norske bonden

Bjørnstjerne Bjørnson (1832–1910) skreiv i den same perioden fleire romanar med motiv frå den norske landsbygda. I desse bondeforteljingane teikna han eit meir realistisk bilete av livet på bygda enn det dei nasjonalromantiske forfattarane hadde gjort. Sjølv om bøndene i forteljingane hans framleis var ulasteleg kledde i bunader og hadde Bibelen og Snorres kongesagaer i bokhylla, skreiv Bjørnson òg om slåsting, fyll og sosiale forskjellar blant bøndene. På den måten braut han med det noko røyndomsfjerne idealbiletet av den norske bonden som vart teikna under den nasjonalromantiske perioden.

Seter ved eit vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Synnøve Solbakken

I Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljingar møter vi menneske av kjøtt og blod, med både sterke og svake sider. I romanen Synnøve Solbakken (1857) til dømes må hovud-personen Torbjørn overvinne mørke, destruktive krefter i seg sjølv for å få kvinna han elskar – den lyse og fagre Synnøve. Han gir opp drikking og slåsting til fordel for eit liv saman med den fromme Synnøve.

Relatert innhald

I 1814 fekk vi eiga grunnlov, men demokratiet var framleis berre for dei få. Korleis står det til med likestilling og kvinnekamp i dagens samfunn?

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken, Jorunn Øveland Nyhus og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Poetisk realisme