Hopp til innhald

Fagstoff

Demokrati – for alle?

I 1814 var vi nordmenn stolte av fridommen vår, og av den demokratiske grunnlova. Men demokratiet var framleis berre for dei få. Ein av dei som peika på forskjellane mellom kjønna, var forfattaren Camilla Collett. Er tekstane hennar framleis aktuelle?

Demokrati for menn med eigedom

Grunnlova i 1814 la fundamentet for eit av dei mest demokratiske styresetta i verda. Dette prega norsk verdidebatt, og det prega det norske sjølvbiletet. Vi var ein fri og demokratisk nasjon. Men demokratiet var framleis berre reservert for ein liten del av befolkninga. I 1814 fekk om lag 40 % av alle menn over 25 år røysterett. Menn utan eigedom fekk ikkje røyste. Og ingen kvinner hadde røysterett.

Camilla Collett – kjerringa mot straumen

Kvinner hadde på byrjinga av 1800-talet liten innverknad på det offentlege livet. Plassen til kvinna var i heimen, ikkje som deltakar i samfunnslivet eller den offentlege debatten. Dåtidas kvinneideal både dyrka og degraderte kvinna. Ho skulle halde på med huslege og vakre ting, ting som utvikla venleiken hennar, både fysisk og sjeleleg. Samfunnsengasjement ville fungere øydeleggjande for kvinner, blei det hevda.

Mod Strømmen II av Camilla Collett - utdrag

0:00
-0:00
Mod Strømmen II – utdrag

Vort Lands Kvinder har ikke, maa ikke have Interesser tilfælles med Mændene; det ansees omtrent som før 1814 for "ukvindeligt". Idealet af Kvindelighed er at være saa lidt bemerkelig, det vil sige saa lidt brydsom som muligt. Taler Mænd sammen om et offentligt Anliggende, og det kunde falde en tilstedeværende Dame ind at have en Mening derom, maaske fordriste sig til en Bemerkning, et Spørgsmaal, saa vil dette besvares i bedste Form, kun uvilkaarlig henvendt til Nabo-Manden.

Les heile teksten i Mod Strømmen II av Camilla Collett på bokselskap.

At kvinner ikkje blei lytta til, provoserte fleire av dåtidas sterke kvinner, mellom dei Camilla Collett. Ho blei derfor "kjerringa mot straumen" og ein leiande skikkelse i kampen for kvinners rettar. Den norske kampen for fridom, demokrati og sjølvstende skulle ikkje berre handle om menn.

Dette skriv Camilla:

Vi tror ikke mer på at hun rører Prins Frost ved å smigre ham og med klaprende tenner forsikre at hun har det så deilig hos ham. Heretter får vi "Kjerringa mot strømmen", som heller går under enn gir opp sin overbevisning.

Stemmene til kvinnene

Camilla Collett kjempa ikkje for kvinneleg røysterett. Dette temaet var ikkje modent for diskusjon før mot slutten av 1800-talet. Men ho kjempa for at stemmene til kvinner skulle bli høyrde, også i det offentlege livet. Ho blei derfor ein inspirasjon i den seinare kampen for kvinners rettar – også som veljarar og deltakarar i demokratiet.

Nye kvinnestemmer

Camilla Collett var ein av dei første feministane i Noreg. Ho meinte at kvinner og menn var ulike, men likeverdige. Sidan hennar tid har fleire kvinnelege norske forfattarar teke opp det same temaet på ulikt vis.

Nokre sentrale kvinnelege forfattarar

Amalie Skram (1846–1905)

Nini Roll Anker (1873–1942)

Ebba Haslund (1917–2009)

Bjørg Vik (1935–2018)

Gerd Brantenberg (1941– )

Liw Køltzow (1945–)

Vigdis Hjorth (1959–)

Hanne Ørstavik (1969–

Feminisme i dag

Sjølv om likestillinga i Noreg har kome langt sidan 1800-talet, har ikkje temaet blitt mindre aktuelt. Det er ikkje lenger ein diskusjon om rettar, men om moglegheiter og avgrensingar som ligg i haldningane vi har. Dagens feministiske skjønnlitteratur beskriv kvinner som er fanga i forventningar som vi kan kjenne igjen frå det Collett beskriv: Kvinnene skal vere fine og beskjedne og helst ikkje gå mot straumen. I tillegg har det oppstått ei forventning om at dei skal vere vellykka yrkeskvinner og gjere karriere.

Helene Uris "kjerringar"

Ein moderne forfattar som har skrive om likestilling, er Helene Uri. Faktisk har ho skrive ein roman med tittelen Kjerringer. I eit intervju seier Helene Uri:

I min dialekt er kjerring et skjellsord. Noe man sier om damer som ikke er ordentlige "babes", eller om menn som er skikkelig feige. Jeg vil ta ordet tilbake. Gi det et nytt innhold. Jeg syns det er et tøft ord, og hovedpersonene i boka er skikkelig tøffe kjerringer.

(https://fagbladet.no/article-6.91.12324.ff274de853)

Romanen er eit slags feministisk kampskrift. Han handlar om fire damer som vil hemne seg på menn dei har møtt i livet sitt, men som har behandla dei dårleg. Romanen tek òg opp korleis menn og kvinner blir omtala ulikt i media: Sportssidene blir dominerte av menn, mens idrettskvinnene må snakke om mote og familie.

Helene Uri meiner sjølv at ho har skrive ein politisk roman:

Boka er helt klart politisk i den forstand at jeg har brukt mitt sinne eller min irritasjon over mannens behandling av kvinnen. Men samtidig er ikke en roman det samme som et debattinnlegg eller en kronikk. Jeg må skrive det som blir den beste historien. Jeg må ta personene dit historien vil at de skal gå, og ikke mot et mål om å skape debatt.

Nye kjerringar mot straumen?

Camilla Collett skriv om "kjerringa mot straumen". Ho var ei stemme som løfta fram det mange ikkje tura å seie, og som mange antakeleg òg var veldig ueinige i. Finst det slike stemmer i dagens samfunn?

I TV-serien F-ordet belyser Ulrikke Falch kva tankar og haldningar dagens ungdom har til omgrepet feminisme. I denne episoden kjem det mellom anna fram at ungdommane meiner Ulrikke Falch er for ekstrem i utsegnene sine. Er ho vår tids "kjerringa mot straumen"?

Tenk over og diskuter:

  • Kva forbind du med ordet "kjerringar"? Liknar det Camilla Collets og Helene Uris skildring?

  • Kjenner du nokon som er "kjerringar" i den positive forstanden til ordet?

Demokrati – for alle?

Samfunnet har heldigvis endra seg sidan Camilla Collett forsiktig måtte kviskre meiningane sine til sidemannen heller enn å fortelje høgt om dei. Kvinner kan både seie meiningane sine, skrive kronikkar, politiske romanar og røyste ved val. Men betyr det at vi i dag har eit demokrati for alle?

Ja, vil mange seie, fordi alle norske statsborgarar over 18 år har røysterett. Vi har òg ytringsfridom i Noreg. Betyr det at alle i landet har like moglegheiter? Når alle fram med stemma si? Er det forskjell på kjønna, eller er det på andre område demokratikampen bør stå i dag?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021

Læringsressursar

Kjønnsroller i tekstar