Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sophie Elise, Pike med perleøredobb og Mona Lisa

Korleis blir unge kvinner og menn framstilte i renessansen, barokken og i dag?

Del 1: Om unge kvinner

Biletet av Mona Lisa blei måla i den perioden som blir omtalt som «renessansen», medan Pike med perleøredobb er måla i ein periode som blir omtalt som «barokken». Fotografiet av påverkaren Sophie Elise er frå vår tid.

  1. Samanlikn framstillinga av kvinnene. Kva likskapar og forskjellar finn de?

  2. Kva rolle speler den kulturhistoriske konteksten for korleis kvinnene blir framstilte?

  3. Meiner de biletet av Sophie Elise er typisk for framstillinga av kvinner i vår tid? Grunngi svaret.

  4. Ta bilete av jentene i klassen på tre ulike måtar: Eitt i typisk renessansestil, eitt i barokkstil og eitt i moderne stil.

Del 2: Om unge menn

  1. Korleis blir unge menn framstilt i kunsten? Finn bilete frå renessansen, barokken og moderne tid som de synest viser typiske framstillingar av unge menn.

  2. Ta deretter bilete av gutane i klassen på same måte som de gjorde med jentene i oppgåve 1 d.

Inspirasjon?

Om mannsportrett på Shutterstock

Om portrettmåleri i renessansen og barokken på museet The Met

Del 3: Barokkmåleriet

1. Meir om Pike med perleøredobb

Samarbeid gjerne to og to:

  1. Lyssetjinga i måleriet Pike med perleøredobb blir ofte omtalt som "typisk barokk". Beskriv måten motivet er lyssett på.
  2. Perleøyredobben er eit framståande element, både i motivet og tittelen til biletet. Kva verkemiddel bruker målaren for å trekkje merksemda vår til dette elementet i biletet?
  3. Kva for ei symbolsk betyding trur du eit slikt smykke hadde på 1600-talet?
  4. Sterke kontrastar er eit viktig verkemiddel i barokk kunst. Kva kontrastar finn du i dette biletet?
  5. Studer Odd Nerdrums sjølvportrett måla i perioden 1984–1995. Kva likskapar er det mellom dette portrettet og Vermeers bilete?
Barn og vaksne i festleg lag. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

2. Presenter

Sammenlikn Johannes Vermeers måleri Pike med perleøredobb med Jan Steens måleri Helligetrekongersfest, som er eit anna nederlandsk måleri frå omtrent same periode.

  • Kva for eit av desse måleria er mest i tråd med dei førestillingane de har om barokk målarkunst?
  • Grunngi svaret og presenter det for resten av klassen, samtidig som de viser bileta på storskjerm.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 06.11.2018

Læringsressursar

Kjønnsroller i tekstar