Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er kvinnekamp og likestilling berre for kvinner?

Kva kan du frå før?

Før du løyser oppgåvene under – kva forbind du med orda likestilling, feminisme og demokrati? Diskuter med medelevar:

  • Er de likestilte?

  • Er de feministar?

  • Kva vil det seie at Noreg er eit demokrati?

  • Korleis heng dei tre omgrepa saman?

Oppgåve 1. Kva med mennene?

I artikkelen om Camilla Collett og kampen hennar som "kjerringa mot straumen" står det berre om kampen til kvinner og om kvinnelege forfattarar. (Sjå lenkje nedst på sida.)

  1. Utforsk mennene si rolle ved å prøve å finne svar på desse spørsmåla:

    • Kan menn vere feministar?

    • Finst det ein "mannskamp"? Kva dreier han seg i så fall om?

    • Kva for mannlege forfattarar er opptekne av likestilling?

    • Korleis blir mannen skildra i norsk skjønnlitteratur? I denne lista frå Sølvberget bibliotek får du tips om fleire romanar som skildrar mannsrolla. Les omtalen og lån gjerne boka på skulebiblioteket, slik at du kan finne relevante sitat.

  2. Summer opp funna og diskuter dei med medelevar.

  3. Skriv ein tekst i ein valfri sjanger der du bruker det du har funne ut og diskutert. Lag tittel sjølv.

Oppgåve 2. Kvifor er kvinnekamp ein mannekamp?

Les artikkelen "Kvinnekamp er mannekamp" av Ulrikke Falch.

  • Tittelen er ein påstand. Korleis grunngir Falch påstanden i artikkelen? Skriv opp argumenta hennar og diskuter: Er de einige med henne?

  • Samanlikn dei to sitata frå høvesvis Ulrikke Falch og Camilla Collett. Kor mykje har endra seg på rundt 140 år? Kva er årsaka, trur du?

Mitt største ønske er å kunne være hele meg, at jeg godtar alle sidene ved meg selv, også de maskuline som jeg konstant blir kritisert for. For er det ikke det som er ekstremt med feministene? At de tør å ta plass og rope høyt, at de våger seg utenfor omsorgsrollen, det passive og subjektive?

Ulrikke Falch, "Kvinnekamp er mannekamp", 2020

Vårt lands kvinner har ikke, får ikke ha interesser til felles med mennene; det ansees omtrent som før 1814 for "ukvinnelig". Idealet av kvinnelighet er å være så lite merkelig, det vil si så lite brysom, som mulig. Snakker menn sammen om et offentlig anliggende, og det kunne falle en tilstedeværende dame inn å ha en mening om dette, kanskje driste seg til en bemerkning, et spørsmål, så vil dette besvares i beste form, kun uvilkårlig henvendt til nabomannen.

Camilla Collett, Mod Strømmen 2, 1879 (språkleg modernisert)

Oppgåve 3. Kva med samfunnsdebatten?

Camilla Collett skriv om korleis berre menn kunne ytre seg om offentlege saker på 1800-talet. Korleis ser kjønnsfordelinga i samfunnsdebatten ut i dag? Sjå både på kven som uttaler seg i aviser, på radio og TV, og kven som deltek i sosiale medium.

  • Lag ei oversikt der du plasserer kvinner på den eine sida og menn på den andre. Skriv inn namn på personen og saka dei uttaler seg om.

  • Kva seier oversikta om kjønnsbalansen?

Oppgåve 4. Kven manglar i debatten?

På 1800-talet var Camilla Collett ein av dei første som peika på at kvinner ikkje blei høyrde. Er det nokon samfunnsgrupper som ikkje blir høyrde i dag?

Undersøk aviser for å sjå på om ulike minoritetar får plass, som til dømes

  • nasjonale minoritetar

  • innvandrarar

  • funksjonshemma

Ser representasjonen annleis ut om de undersøkjer sosiale medium?

Kva betydning kan det ha for demokratiet om enkelte grupper i befolkninga ikkje kjem fram med ytringane sine i det offentlege?

Relatert innhald

I denne teksten tek Camilla Collett utgangspunkt i eventyret frå folkediktinga, men gjer stoffet til sitt.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021

Læringsressursar

Kjønnsroller i tekstar