Hopp til innhald

Fagstoff

Feminin ære i norrøn tid

Mange kjenner til den typiske machomannen frå vikingtida som måtte slåst og hemne seg for å halde oppe æra si. Men kva med den norrøne kvinna? Korleis fekk ho ære?
Ei ung dame ser rett inn i kamera. Hun har blod i ansiktet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Manns- og kvinnerolla

Avstanden mellom kjønna i vikingtida var større enn i dag. Det vil seie at mennene hadde sine åtskilde oppgåver, medan kvinna hadde sine. Kvinna var først og fremst herskerinne av heimen. Ho var "husfrue". Samtidig er det gjort funn som viser at kvinner både dreiv med handel og kunne ha viktige maktposisjonar (Moen, 2017).

Men kvinner drog stort sett ikkje på tokt, og dei slost ikkje. Dei moglegheitene som kvinner har i dag til å leve eit heilt sjølvstendig liv, forsørgje seg sjølv og ikkje bli sett ned på, var i lita grad til stades i vikingtida. Dei norrøne kvinnene hadde størst ære og verdi når dei var i eit ekteskap.

Samtidig er det viktig å leggje merke til at kvinner hadde ein relativt fri og sjølvstendig stilling i forhold til kvinner andre stader i verda på same tida. Og samanlikna med den stillinga kvinner fekk seinare, då kristendommen blei innført, var fridommen til kvinnene større i vikingtida. Dei kunne mellom anna søkje skilsmisse om mannen oppførte seg dårleg.

Familie

Det aller viktigaste for å avgjere æra til ei kvinne, var omdømmet til familien ho tilhøyrde. Dette var sjølvsagt viktig for mannen òg, men han kunne i større grad vinne ære ved åtferda si. Den passive æra, altså det mennesket er fødd med, er meir avgjerande for kvinna. Ho hadde altså ikkje dei same moglegheitene som det motsette kjønnet til å endre respekten sin.

I staden får ho ære i kraft av kven som er farfaren hennar, far hennar og brørne. Vidare blir det svært viktig kven ho giftar seg med, for æra og verdien av ektemannen vil overførast til henne ved inngått ekteskap.

Den ugifte kvinna skulle vere passiv

Den ugifte norrøne kvinna skulle vere tilbakehalden. Dette er ei motsetning til mannsidealet, som verdsette handlingsvilje.

Dei fleste sagaene fortel til dømes ikkje noko om kvinna sine tankar om eit ekteskap. Det er oppgåva til mannen å kapre kvinna og tilby ekteskapet, og kvinna tek den mannen familien meiner er riktig for henne.

Men sagaene fortel innimellom om haldningane sagakvinnene har til ekteskapet. Då Ravn, motstandaren til hovudpersonen i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge, giftar seg med Gunnlaug sin utkåra, den vakre Helga, seier sagaen at "Nå må vi fortelle om Ravn at han satt i bryllupet sitt på Borg, og det sier de fleste at det ikke var stor glede å se på bruden." Heller ikkje ekteskapet er ein lykkeleg affære. I sagaen står det at "stor glede hadde han (Ravn) ikke av samlivet med henne" (Sagaen om Gunnlaug Ormstunge, kap. 18) .

Også seksuelt skulle kvinna vere tilbakehalden. Opptredde ho freistande og flørtande, var det skamfullt både for henne og familien. Samtidig står det ikkje noko i verken lovverket vi kjenner frå denne tida, eller i sagaene, om at kvinner må vere jomfruer. Ei slik norm var vanleg i mange andre kulturar frå denne tida.

Utsjånaden

Både utsjånaden til menn og til kvinner blir grundig beskrivne i sagaene. Kvinner med eit vakkert ytre får stor plass og er ofte i sentrum for handlingane. Mellom anna blir det sagt om Helga den fagre frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge, at ho var den vakraste kvinna på Island.

Det kan sjå ut til at sagaforteljarane var spesielt opptekne av håret til kvinnene. Om Helga sitt hår blir det sagt at "Hun hadde et hår så stort, at hun kunne hylle seg i det helt og holdent, og så fagert som lyst gull" (Sagaen om Gunnlaug Ormstunge, kap. 5). Også andre sagakvinner får beundrande omtale på grunn av det store og vakre håret sitt.

Kvinna skulle vere trufast

Sagaene fortel oss at den norrøne kvinna får større verdi etter at ho er gift. Før giftarmålet er ho som regel berre eit passivt objekt for kjærleiken til menn. Men gifte kvinner får større plass i forteljingane enn dei ugifte. Og første bod for ei husfrue var å vere mannen sin trufast. Dette gjaldt ikkje berre seksuelt, men òg som ein forsvarar av æra til familien. Ho skulle stå ved mannen sin si side, vere solidarisk og støtte han i jakta på meir ære.

Eit godt døme på ei trufast kvinne møter vi i Njåls saga. Njål og kona hans, Bergtora, blir sperra inne av motstandaren Flose. Flose sin plan er å brenne Njål inne, men til Bergtora seier han: "Gå du ut, husfrue, for deg vil jeg på ingen måte brenne inne". Bergtora viser ærefull truskap til mannen sin då ho svarer: "Ung ble jeg gitt Njål; det har jeg lovet ham, at ett skal komme over oss begge" (Njåls saga, s. 214). Dermed brenn ho inne saman med mannen sin.

Den sjølvstendige gifte kvinna

Medan den ugifte kvinna er passiv, finn vi somme aktive, gifte kvinner i sagaene. Sidan kvinna først og fremst fekk verdi og plass i sagaene etter at ekteskapet var inngått, handlar mange av historiene om korleis kvinner forsvarer æra til mann og familie, og med det si eiga ære.

Ho eggja til strid

I dei fleste sagaene er det nok den passive kvinna som er idealet. Det finst likevel døme på kvinner som hissar mennene i sagaen til strid. Men om handlingane deira blir bedømde som ærefulle, kan variere.

Somme gonger kunne kvinnene ha god grunn til å mane mennene i familien til hemntokt, og då vil den aktive rolla bli sett på som positiv. Også kvinner som handla når det verkeleg var fare på ferde, kunne bli omtalte i rosande ordelag. Men det er viktig å leggje merke til at dei stort sett handla berre fordi mannen ikkje var til stades, eller når han av andre grunnar sjølv ikkje kunne handle.

Andre gonger blir den eggjande kvinna framstilt som lunefull og vanskeleg. Eit døme er den vakre Hallgjerd Hoskuldsdottir frå Njåls saga. Ho eggja til drap på to av ektemennene sine, og sjølv om ho er både vakker og handlekraftig, får vi inntrykk av at ho er ei vanskeleg kvinne som går for langt for å få det som ho vil.

Ho tok sjølvstendige avgjerder når ho måtte

Mennene var ofte ute på reiser i årevis, og då styrte kvinna heimen. Kvinnene kunne i tillegg møte på tinget og ta viktige avgjerder. Mellom anna fortel Fostbrødrenes saga dette om kvinna Torbjørg den digre:

Hun var en klog og højsindet kvinde. Hver gang Vermund ikke var hjemme, styrede hun herredet og folkene, og alle mente, at deres sag var i gode hænder, når hun bestemte. (Heimskringa.no)

Torbjørg handlar aktivt og tek eigne avgjerder. Mellom anna går ho mot mannen sin og tek vare på den fredlause mannen Grette. Det er liten tvil om at saganedskrivaren meiner Torbjørg si sjølvstendige og kloke åtferd gir henne stor ære.

Kvinner som bryt med normene

Aud som går i bukser og drep

I Laksdøla saga høyrer vi om Aud. Aud er gift med Tord, som ikkje er særleg glad i kona si, men gifta seg med henne for å få gods og gull. Han får seg ei elskarinne, Gudrun, som set ut skuldingar om at Aud går kledd i "brok", altså bukser. Aud prøver å eggje brørne sine til hemn for å forsvare æra si. Brørne er likevel passive, så Aud tek saka i eigne hender. Sagaen fortel at like før solnedgang "steig Aud til hest, og daa var ho for visst i brok" (Laksdøla saga, kap. 35). Ho rir altså av garde med bukser på. Vegen går til Tord, og når ho kjem fram, stikk ho han med sverd, så han blir hardt såra.

Hemngjerrige og forsmådde Turid

Ei anna handlekraftig kvinne i Laksdøla saga er Turid. Ho giftar seg med Geirmund, men ekteskapet går dårleg. Dette fører til at Geirmund vil forlate henne. Han tek med seg sverdet sitt og går ombord i båten, klar for avreise. Han har etterlate seg kone og eit lite barn, men teke med seg alt gods og gull. Turid prøver først å få hjelp frå far sin, men han vil ikkje hjelpe. Då reiser Turid til båten der Geirmund er. Medan han søv tungt, stel ho sverdet hans og set igjen den vesle dottera deira som hemn for Geirmund si åtferd. Når han truar henne, svarer ho "du hev fare aat som ein laak kar mot oss; no skal me skiljast" (Laksdøla saga, kap. 30).

Oppsummering

Alt i alt er nok hovudregelen at kvinner speler ei meir tilbaketrekt rolle enn mennene i sagalitteraturen. Idealet var den handlekraftige mannen og den trufaste kvinna som forsvarer æra til familien.

Samtidig blir ikkje den aktive kvinna lagt fram på ein foraktfull måte. Sagaforteljarane verkar å ha respekt for kvinner som handlar når dei må. Og om æra står på spel, då må handling til.

Kjelder

Sagaen til fostbrørne (u.å.). Omsett av Jesper Lauridsen (2016). Henta frå https://heimskringla.no/wiki/fostbrC\\3B\\8drenes_sagd.

Laksdøla saga (u.å). Omsett av Stefan Frich (1899). Henta frå https://heimskringla.no/wiki/soga_um_laksdC\\3B\\8lerne.

Meulengracht Sørensen, P. (1995). Fortelling og ære. Studier i islendingesagaene. Oslo: Universitetsforlaget.

Moen, M. (17.03.2017). Vikingtidens kvinner og menn. Henta frå https://www.norgeshistorie.no/vikingtid/0819-vikingtidens-kvinner-og-menn.html

Njåls saga (u.å). Omsett av Fredrik Paasche (1997). Oslo: Aschehoug.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2020

Læringsressursar

Kjønnsroller i tekstar