Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Russelåtar og kvinnesyn

Er russelåtane uskyldig moro eller kvinnefiendtlege? Ta eit kritisk blikk på tekstane og debatten som er knytt til dei.
To russ med handlevogna full av øl. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klassediskusjon

Dei siste åra har russelåtane fått mykje kritikk for kvinnesynet i tekstane:

Si meg, hvor mye må jeg betale for å få noe fitte her? Er du 13, er du med.
Når du suger, så gå ned. Spruter deg i trynet og skriker samme de [...]

Er du søtten er du med/Når du suger så gå ned/Er du deilig så skal du få smake pikk [...]

Fra sangen til russebussen Playboy 2017

Før de set i gong diskusjonen, kan det vere greitt å få nokre tips om korleis vi kan få til dei gode diskusjonane. Det finn de i denne artikkelen: Slik får vi betre diskusjonar (ndla.no).

  1. Les desse to artiklane og diskuter kven de er mest einige med. Grunngi standpunktet!
    Russelåter vekker avsky (dagsavisen.no)
    Russepappa forsvarer grove russelåter (nrk.no)

  2. På kva måte kan slike tekstar påverke likestillinga mellom kjønna?

  3. Kor lett er det å seie frå når nokon bruker nedsetjande ord om kvinner?

  4. Kor lett er det å seie frå når nokon bruker nedsetjande ord om menn?

  5. Kva skjer når rollene blir snudde om i denne parodien med Piateed? Kva effekt har ein slik parodi på debatten om temaet?

    Verdiløs, ein parodi på russelåtar (youtube.com)

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Kjønnsroller i tekstar