Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva ville ein sagahelt gjort?

Sagaene er fulle av heltedådar og spektakulære scener. I dette spelet skal du prøve å komme til mål ved å løyse etiske dilemma slik ein vikinghelt ville gjort det.

Oppgåve 1. Kva ville ein sagahelt gjort?

Når du går gjennom spelet under, er målet ikkje å gjere det fortast mogleg. Tvert i mot. Du får nemleg ei oppgåve etter spelet som krev at du har lese det meste av teksten. Gå fram slik:

  1. Trykk på det du meiner er riktig alternativ. Om du trykkjer på feil, skal du òg lese teksten som dukkar opp under gale alternativ.
  2. Når du er ferdig, skal du gå gjennom spelet ein gong til. Trykk på det du skjønar er gale alternativ og les teksten som dukkar opp. Det er ein del viktig info her òg.

Oppgåve 2. Kva fekk du med deg frå spelet?

Gjer denne oppgåva aleine:

Oppgåve 3. Sagaene – ideal og kjønnsroller

Sit i grupper og diskuter:

Oppsummer alt de har lært om ideal, sagaer og kjønnsroller etter å ha gjennomført spelet. Kva slags inntrykk sit de igjen med av vikingtida og sagaene?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2020

Læringsressursar

Kjønnsroller i tekstar