Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Innføring i Peer Gynt

Kven er Peer Gynt? Og kvifor skreiv Henrik Ibsen stykket om han?
Peer Gynt, Dovregubben med krone og ei rekkje småtroll som ler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Bli kjend med Peer gjennom sitatvandring

Korleis er Peer Gynt?

No skal de få eit lite drypp frå Henrik Ibsens kjende stykke ved å høyre nokre utvalde sitat av, og om, han. Dette går slik føre seg:

Under ser de 15 sitat frå stykket.

  1. Fordel sitata mellom dykk i klassen. Somme sitat må takast to gonger. Det gjer ikkje noko.

  2. Lær deg sitatet ditt utanåt.

  3. Alle går rundt i klasserommet og deklamerer sitata for kvarandre. Du skal snakke med alle i klassen.

  4. Etter sitatvandringa er ferdig, skal du setje deg ned og skrive ned

    • kva førsteinntrykk du fekk av Peer

    • kva du trur skodespelet kjem til å handle om

  5. Alle i klassen les opp kva dei har skrive. Læraren skriv stikkord på tavla undervegs.

Her kan de finne sitata på eit Word-dokument viss de vil klippe dei opp og dele ut til alle i klassen:

Filer

Del 2: "Å vere seg sjølv"

Sitata viser at det "å vere seg sjølv" går igjen i dramaet Peer Gynt. Men kva betyr eigentleg dette?

  1. Skriv aleine: Kva betyr det å vere seg sjølv?

  2. Diskuter i grupper: Kva har de svart?

  3. Diskuter i klassen: Kva betyr det "å vere seg sjølv"?

Del 3: Løyndommen bak Peer Gynt

Sjå programmet Hemmeligheten bak Peer Gynt fram til 20:05. Skriv ned svar på desse spørsmåla undervegs:

  1. Kva for nokre ulike måtar har dramaet Peer Gynt blitt tolka på?

  2. Korleis karakteriserer menneska som blir intervjua karakteren Peer Gynt? Skriv stikkord.

  3. Kva for nokre negative sider såg Henrik Ibsen ved nasjonalromantikken i Noreg midt på 1850-talet?

  4. Ivo de Figueiredo meiner ein krig i 1864 er viktig for å forstå bakgrunnen for at Henrik Ibsen skreiv Peer Gynt. Kvifor?

  5. Kvifor meiner de Figueiredo at Peer Gynt er ein satire og ikkje eit nasjonalromantisk drama?

Del 4: Oppsummer

Skriv ein tekst på ca. 200–400 ord om

  1. kva som var bakgrunnen for at Henrik Ibsens skreiv Peer Gynt

  2. kva du meiner dramaet kjem til å handle om

Relatert innhald

Bli kjend med første handling i Peer Gynt gjennom ein animasjon og ved å framføre sentrale scener frå stykket.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Poetisk realisme