Hopp til innhald

Fagstoff

Køyreplan historieforteljande podkast

Ein god køyreplan er ein viktig del av planlegginga. Han gir deg oversikt mens du samlar inn ressursar. Du kan lett sjå kva som manglar, og korleis forandringar påverkar samansetjinga di.
Ein vegg full av post-it-lappar med tekst. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verktøy

Rekneark kan brukast for å lage køyreplanar. Reknearket kan tilpassast for å gi ein ryddig struktur. Du kan automatisere fargesetjing av typar innhald og samanrekning av tidsbruk. Automatisering er mest nyttig viss du planlegg å lage fleire podkastar.

Du kan også bruke tekstbehandling for å lage ein enkel køyreplan.

Viss de er fleire om å lage ein podkast, vurder å bruke eit samskrivingsverktøy som til dømes Google Docs for å gjere samarbeid enklare.

Under ser du eit døme på ein køyreplan for ein fiktiv historieforteljande podkast om korleis det var å bu i ei lita bygd under andre verdskrig:

nr

lengde

beskriving

type

Status

1

00:10

Kjenningsintro med intervjuklipp og lydbilete.

Jingle

Klar

2

00:30

Intro til temaet: korleis krigen forandra Sand.

Studio vokal

Skrive

3

00:05

Stemningsjingle 1

Jingle

Klar

4

00:30

Innleiing til intervju. Kort introduksjon om Kåre.

Studio vokal

Skrevet

5

01:00

Intervju del 1: Kåre fortel om oppveksten på Sand under krigen.

Intervju

Klar

6

00:10

Stemningsjingle 2

Jingle

Klar

7

00:20

Kort introduksjon til nazistane sin praksis med nyheitspropaganda.

Studio vokal

Skrive

8

00:45

Lydklipp henta frå filmavisa 1943: idylliske Sand.

Lydklipp

Klar, løyve mangler

9

00:20

Innleiing til del 2 av intervju Kåre. Kåre opplevde ikkje Sand heilt på same måte.

Studio vokal

Manus manglar

10

00:45

Intervju del 2: Kåre reagerer på lydklippet frå filmavisa.

Intervju

Klar

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 07.07.2019

Læringsressursar

Produser podkast