Hopp til innhald

Fagstoff

Køyreplan for panelpodkast

Ein god panelpodkast opplevast gjerne som ein spontan samtale der deltakarane naturleg fører samtalen framover. På turen er ein ofte innom faste spalter. Slike podkastar kan opplevast veldig enkle og lettbeinte, men bak fasaden skjer mykje førearbeid. Ein tydeleg køyreplan er viktig.
Jente med hodetelefonar og grøn T-skjorte sit framfor ein datamaskin og snakkar i ein mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Panelpodkasten blir ofte tatt opp i eitt enkelt opptak. Nokon gonger blir det sendt live, og nokon gonger blir det redigert ned noko før publisering. Det er uansett viktig at alle deltakarane, inkludert gjester, veit kva som er planen for podkasten.

Verktøy for køyreplan

Ein panelpodkast har vanlegvis fleire faste deltakarar, men kan også ha berre ein vert. Ofte er deltakarane og gjester spreidde geografisk, slik at kommunikasjon og opptak blir gjort via nett.

Fordi folk ofte er spreidde utover, er det veldig nyttig å bruke samskrivingsverktøy som til dømes Google Docs for å lage køyreplan. På den måten sikrar du også at alle har same versjon av køyreplanen.

Å bruke rekneark, via internett eller lokalt på maskina, fungerer også til å lage køyreplaner. Reknearket kan lett tilpassast for å gi oss ein ryddig struktur.

Du kan automatisere samanrekning av tid og fargesetjing. Automatisering er mest nyttig viss du planlegg å lage fleire podkastar.

Døme på utforming av køyreplan

Under ser du eit døme på starten på ein køyreplan for KuNytt, ein fiktiv panelpodkast om landbruk i Noreg.

NR

beskriving

tid

Type

1

Introjingle - KuNytt

00:15

Jingle

2

Velkomen til dagens podkast. Overgang til dagens dialektord.

01:00

Vokal

3

Jingle - Dagens dialektord

00:10

Jingle

4

Nils introduserer dialektord på bømål, Arne og Kine gjettar hva omgrepa betyr. Til sist får Arne og Kine utfordring om å lese høgt eit vanskeleg ord på bømål. Overgang faktisk uttale.

03:00

Vokal

5

Omgrepet presentert av ein lyttar frå Bø i Telemark.

00:20

Opptak

6

Avslutning dagens dialektord, overgang til vekas nyheiter.

01:00

Vokal

7

Jingle - vekas nyheiter

00:23

Jingle

8

Kine leier vekas nyheiter. Saker (tidlegaste innhausting sidan 1823 på Vestlandet, snø på Helgeland, ku med firlingar på Austlandet). Overgang til innspel frå lyttarane.

04:00

Vokal

9

Jingle - Innspel frå lyttarane

00:14

Jingle

10

Innspel/samtale med to innringjarar. Arne leier første del, Nils leier andre del.

04:00

Vokal+ Telefon

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 20.06.2019

Læringsressursar

Produser podkast