Hopp til innhald

Fagstoff

Forklart – utvikling av eit podkastkonsept

Forklart er eit podkastformat frå Aftenposten, utvikla av programleiar Andreas Bakke Foss og produsent Karoline Fossland. I denne videoen fortel dei korleis dei utvikla konseptet.

Kort samandrag

Forklart er ein nyheitspodkast som kjem kvar morgon i kvardagane og varer i 15 minutt.

Dei jobba mykje med konseptet før dei starta med sendingane, og mykje med at det ikkje skulle bli for lange program.

Forklart skal gi lyttarane dei fem viktigaste nyheitssakene. Dei fokuserer på lyttaren og held seg strengt til tida. Podkastprogrammet legg vekt på fakta og kvalitetssikring.

CC BY-SASkrive av Idun Fivelstad og Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2020

Læringsressursar

Produser podkast