Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis planlegge en podkast

Forskjellige typar podkastar inneber forskjellige framgangsmåtar under førebuingane. I panelpodkastar har vi ofte ein overordna køyreplan. Historieforteljande podkastar treng ofte endå meir utfyllande planlegging. Sindre Leganger fortel om sin prosess med historieforteljande podkastar.

Tips til historieforteljande podkast

  • Ta kontakt med moglege kjelder, og finn ut om dei kan stille i podkasten.

  • Viss du er nysgjerrig på noko, vil andre òg kunne vere nysgjerrige på det.

  • Gjer research og set opp namnet på alle som er involverte i historia, i eit dokument. Kontakt dei.

  • Hald mikrofonen nært intervjuobjektet for god lyd.

  • Du kan starte med å be intervjuobjektet fortelje om hendinga frå a til å.

  • Når du jobbar med lyd, må du fortelje på ein sånn måte at det er mogleg å sjå for seg det som det blir snakka om.

  • Prøv å gjere hendingane til konkrete bilete, slik at lyttaren ser dei for seg.

CC BY-SASkrive av Idun Fivelstad og Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2020

Læringsressursar

Produser podkast