Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arranger ein lesesirkel om samtidslitteraturen

"Kva kjenneteiknar dagens samtidslitteratur?" Dette skal de finne svar på ved å arrangere ein lesesirkel og deretter lytte på ein podkast med Jonis Josef, Tore Renberg og Marta Norheim.
Ung mann les bok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Les!

Når du skal vere med i ein lesesirkel, les du først litteratur. Deretter møter du andre som har lese det same som deg, for å diskutere innhaldet i tekstane.

Derfor skal du no lese fire samtidstekstar. Målet med lesinga er å svare på denne problemstillinga:

  • Kva kjenneteiknar dagens samtidslitteratur?

Du bør derfor notere deg svar på to følgjande spørsmål til kvar tekst du les:

1. Kva er temaet i teksten?

  • Er teksten samfunnskritisk?

  • Eller er det kanskje meir ein psykologisk tekst som handlar om evige tema, som kjærleik, lengsel, sakn, sorg, naturen, livet eller døden?

  • Har teksten ein tydeleg bodskap?

2. Korleis er teksten skriven?

  • Kan du finne nokon verkemiddel?

  • Er det noko som skil seg ut?

  • Kven har synsvinkelen?

Her er tekstane du skal lese:

Del 2. Arranger lesesirkel

Ungdommar sit rundt eit bord på ein kafé og diskuterer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gå saman i grupper og diskuter:

  1. Gå gjennom kvar tekst og diskuter det de meiner er tema i tekstane.

  2. Vil de seie at nokon av tekstane er samfunnskritiske og har ein tydeleg bodskap? I så fall: Kva for ein?

  3. Korleis er skrivestilen i tekstane de har lese?

Del 3. Samanfatt i klassen

Vend tilbake til problemstillinga "Kva kjenneteiknar dagens samtidslitteratur". Diskuter om de klarer å komme fram til noko svar på denne etter å ha lese samtidstekstane og diskutert desse med andre.

Del 4. Lytt til ein podkast om samtidslitteraturen

  1. Lytt til podkasten med tittelen "Kva kjenneteiknar dagens samtidslitteratur".

  2. Diskuter om dei funna de gjorde, stemmer overeins med det forfattar Tore Renberg og litteraturkritikar Marta Norheim trekkjer fram som kjenneteikn ved samtidslitteraturen.

Jonis Josef i podkaststudio. Foto.
Kva veit eg?

Kva kjenneteiknar dagens samtidslitteratur?

Møt forfattar Tore Renberg og litteraturkritikar Marta Norheim i samtale med Jonis Josef om norsk samfunnslitteratur. Kva skriv forfattarane om, og korleis?

0:00
-0:00

Relatert innhald

Korleis blir naturen framstilt i litteraturen? Ein artikkel som samanliknar framstillinga av menneske og natur i eldre og moderne tekstar.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2022

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar