Hopp til innhald

Fagstoff

Åtte tips til fagsamtalen om litteratur

Fagsamtale om litteratur er ei vanleg vurderingsform i norsk. Her vil du få nokre tips om korleis du kan førebu deg til og gjennomføre fagsamtalen.
Glade ungdommar snakkar saman ved eit bord i eit bibliotek. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før samtalen

Det aller viktigaste du gjer for å gjennomføre ein god fagsamtale, er naturleg nok å førebu deg godt. Men å førebu seg betyr ikkje berre å lese seg opp. Bruk gjerne tipsa under for å få til ei god og variert førebuing til fagsamtalen.

1. Snakk om det!

Ein gut og ei jente sit ved ein pult med bøkene slått opp og snakkar i lag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ikkje la sjølve vurderingssituasjonen vere første gongen du snakkar høgt om pensumet til fagsamtalen. Årsaka er at du ikkje kan vere sikker på korleis du har fordøydd stoffet før du seier det høgt. Derfor bør du

  1. først lese deg opp på ein del av pensum

  2. deretter leggje ned PC-en/bøkene og snakke høgt om det du nettopp har lese

Dette kan du gjere på ulike måtar:

  • Finn deg ein partnar. Det aller beste er om du øver med ein medelev som skal ha same fagsamtale som deg. Då kan de hjelpe kvarandre til å formulere dykk betre og samtidig diskutere pensum.

    Men også det å snakke om stoffet med nokon heime kan vere til god hjelp. Om du har nokon som vil høyre på, og du ber dei stille kritiske spørsmål som du må svare på undervegs, vil du stille godt førebudd til samtalen.

Kvinne utan munn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Snakk til deg sjølv. Å førebu seg aleine går òg fint, men pass på at du snakkar i fullstendige setningar slik du skal gjere i fagsamtalen. Legg bort alle hjelpemiddel, gå rundt i rommet, gestikuler, sjå deg i spegelen... Det viktigaste er at du formulerer stoffet på ein god måte. Om du stoppar opp, sjå på pensum igjen, fjern hjelpemidla og snakk om det ein gong til.

2. Les og diskuter vurderingskriteria til læraren

I tillegg til pensumet til fagsamtalen, bør du setje deg inn i vurderingskriteria læraren har gitt dykk. Her vil du kanskje oppdage at læraren din vektlegg moment du ikkje hadde tenkt på. Kanskje står det at det er viktig å bruke "relevante fagomgrep"? Eller at du skal vise til "konkrete døme frå tekstane"? Kva betyr eigentleg det? Diskuter med medelevar og spør gjerne læraren om hjelp om du er i tvil om kva vurderingskriteria betyr.

Strek dessutan under nøkkelord som dette i vurderingskriteria, slik at du ikkje får deg nokon overraskingar i tilbakemeldinga etter fagsamtalen. Best førebudd blir du om du veit akkurat kva læraren vil vurdere deg etter.

3. Skriv ned fagomgrep du vil bruke

Du bør alltid bruke fagomgrep når du utforskar litterære tema. Det held ikkje å berre fortelje om kva tekstane handlar om, men òg korleis temaet blir formidla. Då får du vist god norskfaglig kompetanse.

Derfor bør du skrive ned kva fagomgrep du vil bruke når du skal snakke om dei ulike tekstane og konteksten dei er skrivne i. Skriv gjerne omgrepa med raud skrift eller bruk andre visuelle hjelpemiddel som kan hjelpe deg til å hugse dei.

4. Lær deg nokre sentrale sitat

Ver tekstnær og konkret om litteraturen du skal snakke om. Vis gjerne til konkrete døme, men endå betre: Lær deg to–tre viktige sitat frå dei litterære tekstane.

Det imponerer meir om du kan seie "Gunnlaug Ormstunge har fått namnet sitt fordi han er så frekk og freidig. Mellom anna seier han 'Ikkje skal ein gå haltande, så lenge begge føter er jamlange' når han besøkjer Erik Jarl i Noreg", enn om du berre seier at "Gunnlaug Ormstunge har fått namnet sitt fordi han er så frekk og freidig."

5. Lag ei visuell oversikt

Lag deg oversikter over stoffet i førebuingsdelen. Vel det du trivst best med av penn og papir eller eit dataprogram. Bruk gjerne fargekodar og ulike geometriske former til å ordne stoffet. Dette skal du gjere av fleire grunnar:

  • Du har lettare for å hugse og ordne stoffet i sjølve fagsamtalen når du har oversikta di i bakhovudet. Om læraren din spør: "Kan du seie litt om korleis Sagaen om Gunnlaug Ormstunge er skriven, altså forma?", så kan du sjå for deg den blå sirkelen med ulike fagomgrep du laga i førebuingsdelen.

  • Du lærer mens du ordnar stoffet. Når du kategoriserer tekstar i ulike boksar, må du tenkje kritisk. Dermed blir ikkje stoffa berre lettare å hugse, du lærer òg i sjølve systemeringsfasen.

I samtalen

Tipsa under tek utgangspunkt i at du har fagsamtale i par eller grupper.

6. Akkurat passe ivrig...

Det er ikkje enkelt å finne den riktige balansen mellom å ikkje overkøyre medeleven/medelevane du har fagsamtale med og det at du blir for stille. Gode tips for å balansere riktig er å

  • ikkje vere redd for å seie noko, men alltid vente til andre er ferdige med å snakke

  • bruke teikn for at du vil seie noko (ein finger) eller leggje til ein replikk (to fingrar) i staden for å bruke stemma di

7. Lytt før du pratar

Elevar på vidaregående skule. Tenåringar. Elevane slappar av i kantina. Har pause. Et lunsj. Snakkar i lag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du bør alltid lytte til det dei andre seier før du tek ordet sjølv. Viss ikkje risikerer du å gjenta noko som allereie er sagt. Dessutan kan du gripe fatt i noko medelevane dine har sagt og heller gi utfyllande informasjon: "Eg er einig i det Ane sa, og i tillegg..."

Det er heller ikkje noko i vegen for å vere ueinig med andre som har fagsamtale, for de kan jo ha tolka tekstane på ulike vis. Men pass på at du uttrykkjer ueinigheita på ein omsynsfull måte: "Eg har heller tolka teksten slik at..."

8. Grunngi meiningane dine

Når du skal leggje fram dine eigne tolkingar av tekstar, bør du alltid grunngi meiningane dine ved å vise til konkrete døme frå tekstane. Seier du til dømes "Det var typisk for sagalitteraturen at han handla om ære, ætt og blodhemn", så bør du fylle ut ved å vise til døme. Då kan du leggje til: "I Sagaen om Gunnlaug Ormstunge ser vi til dømes dette i avslutninga av boka, der Gunnlaugs ætt søkjer hemn for drapet på Gunnlaug. Det gjer dei ved å gå etter drapsmannen Ravn sin familie, altså eit døme på blodhemn."

Når du utfyller svara dine på denne måten, viser du at du både kjenner til den kulturhistoriske konteksten og tekstane du skal snakke om.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2021

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar