Hopp til innhald

Fagstoff

Ni tips til fagsamtalen om språk

Fagsamtale om språk er ei vanleg vurderingsform i norsk. Her vil du få nokre tips om korleis du kan førebu deg til og gjennomføre fagsamtalen.
Glade, unge studentar snakkar saman og studerer oppslåtte notat i eit bibliotek. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før samtalen:

Det aller viktigaste du gjer for å gjennomføre ein god fagsamtale, er naturleg nok å førebu deg godt. Men å førebu seg betyr ikkje berre å lese seg opp. Bruk gjerne tipsa under for å få til ei god og variert førebuing til fagsamtalen.

1. Snakk om det!

Elevar i klasserom sit med oppslåtte bøker og snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ikkje la sjølve vurderingssituasjonen vere første gongen du snakkar høgt om pensumet til fagsamtalen. Årsaka er at du ikkje kan vere sikker på korleis du har fordøydd stoffet før du seier det høgt. Derfor bør du

  1. først lese deg opp på ein del av pensum

  2. deretter leggje ned PC-en/bøkene og snakke høgt om det du nettopp har lese

Dette kan du gjere på ulike måtar:

  • Finn deg ein partnar. Det aller beste er om du øver med ein medelev som skal ha same fagsamtale som deg. Då kan de hjelpe kvarandre til å formulere dykk betre og samtidig diskutere pensum.

    Men også det å snakke om stoffet med nokon heime kan vere til god hjelp. Om du har nokon som vil høyre på, og du ber dei stille kritiske spørsmål som du må svare på undervegs, vil du stille godt førebudd til samtalen.

Kvinne utan munn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Snakk til deg sjølv. Å førebu seg aleine går òg fint, men pass på at du snakkar i fullstendige setningar, slik du skal gjere i fagsamtalen. Legg bort alle hjelpemiddel, gå rundt i rommet, gestikuler, sjå deg i spegelen... Det viktigaste er at du formulerer stoffet på ein god måte. Om du stoppar opp, sjå på pensum igjen, fjern hjelpemidla og snakk om det ein gong til.

2. Les og diskuter vurderingskriteria til læraren

I tillegg til pensumet som høyrer til fagsamtalen, bør du setje deg inn i vurderingskriteria læraren har gitt dykk. Her vil du kanskje oppdage at læraren din vektlegg moment du ikkje hadde tenkt på. Kanskje står det at det er viktig å bruke "relevante fagomgrep"? Eller at du skal vise til "konkrete døme frå tekstane"? Kva betyr eigentleg det? Diskuter med medelevar og spør gjerne læraren om hjelp om du er i tvil om kva vurderingskriteria betyr.

Strek dessutan under nøkkelord som dette i vurderingskriteria, slik at du ikkje får deg nokon overraskingar i tilbakemeldinga etter fagsamtalen. Best førebudd blir du, om du veit akkurat kva læraren vil vurdere deg etter.

3. Skriv ned fagomgrep du vil bruke

Du bør alltid bruke fagomgrep når du utforskar språklege tema. Å kunne bruke ord som "ortofont", "purisme" og "demokratiske motiv" viser norskfagleg kompetanse og eit godt ordforråd.

Derfor bør du skrive ned kva fagomgrep du vil bruke når du skal snakke om språkhistoria. Skriv dei gjerne med raud skrift eller bruk andre visuelle hjelpemiddel som kan hjelpe deg til å hugse dei.

5. Ikkje berre kva, men kvifor

Når du gjer greie for og drøftar språkhistoria, er det imponerande å kunne ramse opp alle sentrale hendingar. Då viser du at du har kontroll på kva som har skjedd. Men endå viktigare er det å vise at du forstår kvifor det skjedde.

Sjå til dømes på dei to utsegnene under:

  • Knud Knudsen ønskte å fornorske dansken. Han foreslo til dømes å fjerne dei blaute konsonantane.

  • Knud Knudsen ønskte å fornorske dansken. Han foreslo til dømes å fjerne dei blaute konsonantane. Årsaka var at han hadde pedagogiske motiv: Ved å fjerne blaute konsonantar ville skriftspråket liggje nærare talemålet, og då ville språket bli enklare for elevane å lære.

Medan den øvste utsegna berre viser kunnskap om kva som skjedde, gir tilleggsinformasjonen i utsegn 2 òg innsikt i kvifor det skjedde. Får du til dette, viser du ikkje berre kunnskap, men også innsikt og refleksjon.

Skal du reflektere over framtida? Då bør du ta utgangspunkt i historia, i faktakunnskap du allereie har – det er nemleg det einaste vi kan seie noko sikkert om.

6. Lag ei visuell oversikt

Lag deg oversikter over stoffet i førebuingsdelen. Vel det du trivst best med av penn og papir eller eit dataprogram. Bruk gjerne fargekodar og ulike geometriske former til å ordne stoffet. Det er to hovudgrunnar til at du skal gjere dette:

  • Du har lettare for å hugse og ordne stoffet i sjølve fagsamtalen når du har oversikta di i bakhovudet. Om læraren din spør: "Kan du seie litt om språkutviklinga på 1800-talet?", så kan du sjå for deg den blå sirkelen med ulike fagomgrep du laga i førebuingsdelen.

  • Du lærer medan du ordnar stoffet. Når du kategoriserer i ulike boksar, må du tenkje kritisk. Dermed blir ikkje stoffet berre lettare å hugse, du lærer òg i sjølve systemeringsfasen.

I samtalen:

Tipsa under tek utgangspunkt i at du har fagsamtale i par eller grupper:

7. Akkurat passe ivrig...

Det er ikkje enkelt å finne den rette balansen mellom å ikkje overkøyre medeleven/medelevane du har fagsamtale saman med og det å bli for stille. Gode tips for å balansere riktig er å

  • ikkje vere redd for å seie noko, men alltid vente til andre er ferdige med å snakke

  • bruke teikn som viser at du vil seie noko (ein finger) eller leggje til ein replikk (to fingrar), i staden for å bruke stemma di

8. Lytt før du pratar

To elevar på vidaregåande skule slappar av i kantina. Dei sit ved eit bord, har lunsj og snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du bør alltid lytte til det dei andre seier før du tek ordet sjølv. Viss ikkje risikerer du å gjenta noko som allereie har blitt sagt. Dessutan kan du gripe fatt i noko medelevane dine har sagt og heller gi utfyllande informasjon: "Eg er einig i det Ane sa, og i tillegg...".

Det er heller ikkje noko i vegen for å vere ueinig med andre som har fagsamtale, for de kan jo ha tolka pensum på ulikt vis (og av og til kan ein jo også seie noko som er heilt gale). Men pass på at du uttrykkjer ueinigheita på ein omsynsfull måte: "Eg har tolka det sånn at det var Ivar Aasen som er far til nynorsken, ikkje P.A. Munch...".

9. Trekk linjer

Trekk gjerne linjer mellom språkhistoria og språksituasjonen i dag eller i framtida i samtalen. Då viser du oversikt, evne til å bruke fagkunnskap og til å tenkje sjølvstendig. Sjå til dømes på desse to utsegnene:

  • Ivar Aasen hadde nasjonale motiv då han laga eit nytt norsk skriftspråk. Han arbeidde for å lage eit nytt skriftspråk.

  • Ivar Aasen hadde nasjonale motiv då han laga eit nytt norsk skriftspråk. Det same har Språkrådet i dag. Men medan Aasen arbeidde for å lage eit nytt skriftspråk, jobbar Språkrådet først og fremst med å verne det norske språket.

Den siste utsegna trekkjer linjer og viser at det nasjonale motivet ikkje er gått ut på dato. Tvert i mot, det er noko vi kan sjå på 2000-talet – akkurat som på 1800-talet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2021

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar