Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Foran loven" av Franz Kafka

Franz Kafkas roman Prosessen handlar om Josef K. I starten av romanen blir han arrestert, men kvifor aner han ikkje. Romanen inneheld ei kort, gåtefull historie litteraturforskarar har diskutert: "Foran loven". Kva kan denne forteljinga bety?
Til læraren

Legg vekt på at "Foran loven" har blit sett på som ei gåte av litteraturforskarar. La gjennomgangen av teksten vere eit forsøk på å løyse gåta. Det kan vere fint for elevane å lese tekstar som dei veit det ikkje finst noka fasit-tolking på.

"Gåta" treng slett ikkje blir løyst etter at timen er ferdig. Det viktigaste er at elevane har fått lufta fleire ulike tolkingar av teksten.

Del 1: Introduksjon til Prosessen

  1. Sjå videoen frå NRKs Lesekunst over. Men stopp når du kjem til omtalen av den korte historia "Foran loven" (24:30).

  2. Diskuter: Kva inntrykk fekk de av boka?

  3. Forskaren nemnde ordet "kafkask". Finn de ordet i Bokmålsordboka og nynorskordboka?

  • Kva seier det om betydninga til ein forfattar når ordet han bruker for å skildre ei kjensle, kjem inn i dei norske ordbøkene?

  • Har de nokosinne hatt ei "kafkask" oppleving? Forklar!

Del 2: "Foran loven"

  1. Les historia "Foran loven" på Nb.no.

  2. Utan å snakke med andre i klassen – fullfør setninga: "Eg trur lova er ...".

  3. Skriv orda til alle i klassen på tavla. Viss nokon har skrive same ordet, sett ein strek bak det for kvar gong det blir nemnt, slik at de ser kor mange som har skrive ordet.

  4. Diskuter dei ulike orda de skreiv ned. Kvifor skreiv de nettopp dette ordet? Grunngi ved å vise til tekstpassasjar.

Del 3: Ein allegori

  1. "Foran loven" kan tolkast som ein allegori. Kva betyr det at ein tekst er ein allegori? Sjå videoen med forfattar Gro Dahle over for å få ei forklaring.

  2. Diskuter i grupper: Ein allegorisk tekst er altså ei konkret forteljing som i tillegg kan eller bør oppfattast som eit bilete på noko større og (meir) vesentleg. Kva kan den konkrete historia om mannen som sit framfor ein port, vere ein allegori over?

Del 4: Andre tolkingar av "Foran loven"

No skal de lytte til og lese andre tolkingar av "Foran loven". Det kan vere både interessant og nyttig når vi les tekstar som det kan vere vanskeleg å forstå.

  1. Sjå resten av videoen frå NRKs Lesekunst over (frå 24:30). Kva seier litteraturforskaren om ulike tolkingar av teksten?

  2. Les utdraga frå ulike tolkingar av teksten (under).

  3. Diskuter i grupper. Kva for nokre av desse tolkingane er de mest einige i? Grunngi svaret.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2021

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar