Fra barn til borger
Sofia og Max er ferdig med barnehagen, og no skal dei byrje i første klasse. Filmskapar Janne Lindgren følgjer barna gjennom dei første åra deira på skulen.
Det er mykje som er annleis på skulen samanlikna med barnehagen. Barna må byrje å gjere lekser, dei må lære korleis dei skal halde blyanten riktig, at dei må vente på tur og ikkje snakke når læraren har ordet i timen. Det er heller ikkje lov å tulle like mykje på skulen, slik dei kunne i barnehagen.
Gjennom å fortelje frå seksåringane sitt perspektiv viser filmen at overgangen frå barnehage til skule kan vere både spennande, slitsam og litt skummel.
Relatert innhald
Oppgåver i barne- og ungdomsarbeidarfag til filmen Fra barn til borger.
Korleis blir skulepresset i klassen skildra i Alexander Kiellands roman "Gift" og kortfilmen "Fra barn til borger"?