Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmoppgåver: skulestart for seksåringar

I dokumentarfilmen Fra barn til borger møter vi to barn som byrjar i første klasse på skulen. Etter å ha sett filmen skal du reflektere over din eigen første skuledag, beskrive korleis læraren i filmen kommuniserer, og drøfte skulestart for seksåringar.

Oppgåve 1. Refleksjon

Fra barn til borger er ein dokumentarfilm som følger to seksåringar som byrjar på skulen. Reflekter over følgande spørsmål:

  1. Kva hugsar du sjølv frå din første skuledag?

  2. Korleis opplevde du barneskuletida?

  3. Kva trur du tittelen på filmen betyr?

Oppgåve 2. Utdjup

Svar utfyllande på desse spørsmåla:

  1. Beskriv korleis læraren i filmen kommuniserer med barna.

  2. Kva tenker du om den typen vaksenrolle som læraren representerer?

  3. Korleis trur du barna i filmen opplever å byrje på skulen?

  4. Kva reglar, normer, skikkar og tradisjonar skal barna vi møter i filmen, bli sosialiserte inn i?

  5. Kva krav og forventningar stiller skulen til barna?

  6. Er det eit sprik mellom krava frå familien, skulen (nærmiljøet) og samfunnet til seksåringane som byrjar på skulen? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 3. Drøft

Vel ein av påstandane under og drøft.

  • Det er altfor tidleg for barn på seks år å byrje på skulen.

  • Krava og forventningane til skulen er tilpassa seksåringar.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson og Riborg Anna Ringereide. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 20.04.2022

Læringsressursar

Sosialiseringsprosessen