Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

To oppgåver til fagsamtale om litteratur

Her vil du finne to oppgåver som kan skape interessante fagsamtalar om relevansen til eldre litteratur. Til kvar oppgåve får du pensum, tekstutval og hjelpespørsmål. I tillegg vil du finne vurderingskriterium heilt nedst.

Oppgåve 1. Familien som tema i litteraturen før og no

NB! Les heile oppgåveteksten før du ser på vedlegga. Du treng ikkje utforske alle vedlegga.

Problemstilling: Korleis blir familien framstilt i dei tre tekstane som ligg ved? Samanlikn tekstane og drøft den kulturhistoriske konteksten. Du skal velje minst tre av tekstane, og minst ein av dei må vere ein tekst gitt ut før år 2000.

Kommentar: Du skal bruke døme frå tekstane når du samanliknar dei. I samanlikninga er det først og fremst familietematikken du skal utforske. Når du skal drøfte den kulturhistoriske konteksten, bør du sjå på kva påverknad konteksten har hatt for innhald og form i teksten.

Hjelpespørsmål:

  • Korleis blir forholdet mellom far og barn beskrive i dei tre tekstane?

  • Vil du seie at faren blir skildra på ein positiv eller negativ måte? Grunngi med sitat frå tekstane.

  • Kva rolle speler synsvinkelen historia er fortald med for korleis vi oppfattar dei ulike karakterane i tekstane? Hugs å bruke relevante fagomgrep om synsvinkel.

  • Blir faren skildra ved direkte eller indirekte personskildring? Grunngi svaret ditt ved å vise til sitat frå tekstane.
  • Kva rolle speler omgrepa ære, skam og ærlegdom i dei tre tekstane som ligg ved? Utforsk spørsmålet ved å reflektere over den kulturhistoriske konteksten i tekstane.
  • Er dei tre fedrane typiske for si tid? Drøft spørsmålet ved å utforske den kulturhistoriske konteksten til tekstane.

Gode kjelder/pensum:

Relatert innhald

Oppgåve 2. Er litteratur frå renessansen og barokken gått ut på dato?

  • Vedlegg 1: "Å være eller ikke være" Utdrag frå Hamlet av William Shakespeare (1609) på Nationaltheateret.no.

  • Vedlegg 2: Om HamletNRK skole

  • Vedlegg 3: Aftensalme av Dorothe Engelbrektsdotter (1678)

Les tekstane som ligg ved og drøft om dei er relevante i dag. Du skal konsentrere deg om temaet i tekstane og den kulturhistoriske konteksten tekstane kom ut i, men du kan gjerne trekkje trådar til moderne tekstar du kjenner til.

Kommentar: Oppgåva di er å lese tekstane og gjere deg opp ei meining om kva dei vil formidle til lesaren. Deretter skal du drøfte om temaet er relevant for menneske på 2000-talet.

Hjelpespørsmål:

  • Korleis synest de døden blir framstilt i tekstane? Grunngi ved å vise til tekstdøme.

  • Og korleis blir livet skildra? Grunngi ved å vise til tekstdøme.

  • Kva er temaet i dei to tekstane? Samanlikn dei og peik på likskapar og forskjellar.

  • Meiner de temaet er allmenngyldig, altså at dette er noko moderne menneske òg reflekterer over?

  • Er det nokon element i dei to vedlegga som verkar framande for det moderne mennesket? I så fall: Kva for nokon?

  • Er tekstane vanskelege å forstå for moderne tenåringar? Kva er det i så fall som gjer dei vanskelege?

Gode kjelder/pensum

Relatert innhald

Vurderingskriterium

Filer

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2021

Læringsressursar

Diskusjon, dialog og fagsamtalar