Hopp til innhald

Fagstoff

Døden i litteraturen 1500–1850

Døden er eit "evig tema" i kunsten. Det vil seie at vi finn tekstar om døden til alle tider. Her skal vi sjå på korleis nokre kjende forfattarar skildrar døden i perioden 1500–1850. Vi skal i tillegg gå inn på kva rolle den kulturhistoriske konteksten kan ha for tekstane.
Eit skjelett med kvitt flagg rir på ein hest medan redde og triste menneske ser på det. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar er vi i år 1500?

I år 1500 er vi på slutten av mellomalderen, ein periode som i stor grad blir forbunden med døden. Foreldre mista gjerne barn tidleg, folk døydde av sjukdommar vi har medisinar for i dag, og Europa var prega av stadig tilbakevendande pestar. Døden var heller ikkje noko privat, slik det gjerne er i dag:

Døden hadde en stor plass og fantes overalt. Både geistlige, rike og fattige hadde same skjebne, alle danset de med dødningene til sin grav. Døden hadde en offentleg funksjon og var ikke et privat anliggende. (Frølich, u.å.)

Ei kvinne blir følgd av eit skjelett som held eit timeglas framfor henne. Gammal illustrasjon.

Konsekvensane av svartedauden pregar framleis Noreg i år 1500. Det er rett nok 150 år sidan pesten herja som verst, men epidemien har ført til at vi har tapt sjølvstendet vårt og er i union med Danmark. Det norrøne skriftspråket har døydd ut, og vi skriv på dansk. Vi snakkar altså ikkje om ein særeigen norsk skriftkultur, men eit dansk-norsk felleslitteratur.

Religion

Verd å merke seg er det sjølvsagt at den katolske kristendommen for lengst er innført i Noreg. Nordmenn trur ikkje lenger at dei kjem til Valhall eller Hel, men til himmelen eller helvetet. Vi tilber ikkje lenger Tor og Odin, men Gud og Jesus.

Draumkvedet og døden

Draumkvedet er kanskje Noregs mest kjende folkevise. Det er noko usikkert når visa blei laga, men ein del forskarar meiner ho stammar frå slutten av mellomalderen (Bø, 2020). Diktet er såkalla visjonslitteratur. Det vil seie at det skildrar ei hinsidig verd. Dermed er det òg i slekt med Voluspå, dikta som skildrar vikingane sitt syn på livet etter døden.

Handling

Diktet skildrar eit syn (ein visjon) av kva som skjer etter døden. Forteljaren i diktet, Olav Åsteson, fell i søvn på julaftan og vaknar ikkje før trettande dag jul. På ferda gjennom dødsriket får han sjå glima av både skjersild, helvete og paradis, og han møter jomfru Maria. Undervegs blir han vitne til kampen mellom det gode og det vonde: Satan med hæren sin kjem farande frå nord, medan St. Mikael og Jesus står i spissen for englehæren.

Til slutt får Olav Åsteson sjå kva som skjer med dei angrande sjelene på dommedag. Dei blir vegne på vektskåla, og alle blir dei vist til Jesus Kristus. Ingen sjeler som angrar, er fortapte.

Syn på døden

Kva syn på døden kjem eigentleg til syne i diktet? Først og fremst kan vi sjå katolske framsyningar og verdiar: Mennesket kan oppleve forferdelege pinsler etter døden. Men gode gjerningar, bot og anger kan føre til frelse og eit godt evig liv.

Renessansen sitt syn på døden (1500-talet)

Vi hadde få renessanseforfattarar i Noreg. Kulturelt låg vi framleis ganske brakk etter Svartedauden og tapet av sjølvstende til Danmark. Derfor er det meir naturleg å sjå på renessansen slik han var ute i Europa.

I renessansen blei forfattarane meir opptekne av mennesket, eksistensielle spørsmål og livet her og no enn dei var i mellomalderen. Til dømes er dramaa frå denne perioden prega av fokuset til humanismen på menneskets eiga evne til å takle tilværet. Mennesket blir framstilt som eit kompleks, feilbarleg og samansett vesen, som både trur og tvilar. Gud er den store skaparen, men mennesket må søkje i seg sjølv for å finne løysingar på mysteria til livet.

Dette får konsekvensar for framstillingane av døden. No handlar ikkje alt om himmel, helvete og skjersilda lenger. Like viktig blir individet sine eigne refleksjonar om døden og etterlivet.

Shakespeare og døden

Om vi vender blikket utover Noregs grenser, må vi innom verdas mest kjende dramatikar: William Shakespeare. Døden er tema i dei fleste av dei mest kjende skodespela hans. Har du til dømes sett biletet av karakteren Hamlet med hovudskallen i handa?

Hamlet var besett av døden, og store delar av stykket krinsar rundt tankane hans om korleis det er å døy.

Å dø, å sove –
ja bare dèt, – og se at søvnen slukker
all hjertekval, de tusen plager kjødet
er arving til. Hvor inderleg man higer
mot denne slutt: Å dø, å sove. Sove
og kanskje drømme?
(Hamlet, 1957)

Scene frå Hamlet der ein gravar grev fram ein hovudskalle og viser han fram. Måleri.

Shakespeare og renessansen

Vi plasserer gjerne Shakespeare i renessansen. Renessansen etterfølgde mellomalderen, ein epoke der kristendommen gjennomsyra all kunst og litteratur. Religionen speler ei rolle i Shakespeares tekstar òg, men som du ser av sitatet frå Hamlet over, så er det mennesket som er i sentrum. Hamlet stiller iblant eksistensielle spørsmål om kva døden eigentleg er, utan å blande inn verken himmel eller helvete.

Samfunnet på 1600-talet

1600-talet er ei tid med store omveltingar, både innan religion og politikk. Det er store motsetningar mellom protestantar og katolikkar, og mellom leiarar i dei europeiske landa. Kunsten blei brukt politisk. Den barokke stilen er pompøs og overdådig; han viste makta og rikdommen til leiarane. Kunsten skulle òg appellere til folket sine kjensler og påverke dei.

Måleri av undervisning i anatomi. Biletet viser eit lik som blir skore opp og nysgjerrige studentar som følgjer med. Måleri.

Barokken sitt syn på døden

Den eksistensielle undringa Hamlet viser, blir i stor grad erstatta av tekstar om Gud, himmel og helvete på 1600-talet. På 1600-talet dominerer den religiøse litteraturen som sjanger. Dei to mest kjende norske forfattarane var Petter Dass og Dorothe Engelbretsdatter. Begge er mest kjende for salmane sine.

Biletet viser dei halvt oppløyste lika av ein biskop og ein riddar. Måleri.

Dorothe Engelbretsdatter og døden

Dorothe Engelbretsdatter mest kjende salme heiter "Aftensalme". Til liks med Draumkvedet handlar òg denne teksten om anger, nåde og å leve på riktig vis for å kome inn i Guds rike:

Kjære sjel, kom det i hu,
og bekjenn i dette nu
at du som et Adams barn,
henger fast i Satans garn.

Derfor også denne dag
ble det fall og nederlag.
Reis deg, gå med bønnen hen
til din Gud i himmelen!
(Norsk salmebok, 2013)

Utdraget frå diktet vender seg direkte til lesaren og fortel at hen er fødd i synd. Barokkdiktarane var opptekne av at ein skulle gripe dei jordiske gledene, men samtidig huske at det jordiske livet snart ville ta slutt. Derfor finn vi mange dødsmotiv i salmane. Ofte vart døden framstilt gjennom metaforar som timeglaset eller natta.

Samfunnet på 1700-talet

På 1700-talet veks det fram ein offentleg debatt som kritiserer religiøse dogme, kyrkja som institusjon og eineveldig styre. Trua på vitskap og fornufta til mennesket er sterk. Menneskerettar og demokrati er idear som oppstår i dette hundreåret. Det skjer store omveltingar, både sosialt og politisk. I 1789 startar Den franske revolusjonen. I løpet av nokre år blir eineveldet avskaffa, og ei nasjonalforsamling som fastslår at "alle menneske er fødde frie og like, og at all styresmakt i samfunnet må kome frå folket", blir danna. Ideal for kunstnarane var i stor grad fornufta, vitskapen og strenge reglar for oppbygging av tekstar.

Opplysingstida sitt syn på døden

Døden hadde ikkje den posisjonen i litteraturen på 1700-talet som i salmane på 1600-talet. Religionen spelte nemleg ei mindre rolle i litteraturen på denne tida. Ja, faktisk er det slik at vi for første gong kan snakke om det ateistiske mennesket. Det vil seie at nokon åpenlyst vedkjende seg at dei ikkje trudde det fanst nokon gud. Forfattarane er først og fremst opptekne av framsteg, fornuft og opplysing.

Dei mest kjende forfattarane våre på denne tida er nok Ludvig Holberg og Johan Herman Wessel. Rett nok lèt Holberg hovudpersonen Jeppe i Jeppe på Bjerget tru at han blir dømd til døden, medan Wessel på humoristisk vis "rettar bakar for smed" i diktet "Smeden og bageren". Men døden er ikkje viktig som tema i desse tekstane.

Samfunnet på starten av 1800-talet

Revolusjonen i Frankrike, som starta i 1789, fekk følgjer. Det som hadde starta som eit opprør mot pompøse eineherskarar, enda med at titusenvis blei drepne av leiarar som dyrka opplysningsideane. Mange blei skuffa og desillusjonerte over resultatet. I staden for ein republikk, som skulle vise kor fullkomne opplysningstankane var, fekk dei eit blodbad.

Ei følgje av dette ser vi i kunsten. På slutten av 1700-talet oppstår romantikken, som er eit opprør mot opplysningsideala. Dei romantiske kunstnarane ville ikkje lenger dyrke fornufta, vitskapen og reglane. I staden søkte dei seg til naturen og hadde kjensler, det impulsive og individet som ideal.

Romantikken sitt syn på døden (1800–1850)

Ein ung mann ligg død på senga etter å ha teke sjølvmord. Måleri.

På 1800-talet vender døden tilbake som motiv i litteraturen – ei naturleg følgje av at kjensler erstattar fornuft som ideal. Døden blei ofte framstilt gjennom naturmetaforar, og gjerne med lidenskap og glød. Han kunne nok bli framstilt som forferdeleg, men er i mindre grad skummel og ekkel slik han til dømes var i mellomalderen. Romantikarane søkte det skjønne, også i døden og dødsaugeblinken.

Wergeland og døden

Vår mest kjende diktar frå denne tida, Henrik Wergeland, er kjend for å ha skrive dikt på dødsleiet. Både "Til foråret" og "Til min Gyldenlak" blei skrivne like før han døydde. Dikta viser Wergelands allsidigheit. "Til min Gyldenlak" har ein stram komposisjon og viser eit lyrisk eg som har akseptert døden. Det vender seg direkte til blomen, ein gyllenlakk, i vindaugskarmen og fortel at han kjem til å døy før denne har mista blada sine:

Gyldenlak, før du din glans har tapt,
da er jeg det hvorav alt er skapt;
ja, før du mister kronens gull,
da er jeg .(Wergeland, s. 105)

Annleis er både forholdet eget har til døden og forma til diktet i "Til foråret". Diktet har ein fri komposisjon, verkar spontant skrive, og stemma i diktet elskar livet – og særleg naturen – så mykje at ho fryktar døden. Han vender seg direkte til våren og ber naturen sin flora og fauna vitne for han så han får behalde livet:

O forår! den gamle roper for meg, skjønt han er hes.
Han rekker sine armer mot himlen og anemonene,
dine blåøyde barn, kneler og ber at du skal
redde meg – meg, der elsker deg så ømt.
(Wergeland, s. 104)

Goethe og døden

Ein av dei store europeiske forfattarane på denne tida var den tyske forfattaren Johann Wolfgang von Goethe (1749–1832). Døden var eit motiv i dei to mest kjende verka hans: Den unge Werthers lidingar (1774) og Faust (1808).

Faust med eit pergament i handa og djevelen som lurer bak han kledd i raude klede. Måleri.

I Faust sel hovudpersonen sjela si til djevelen. Årsaka er at han aldri kan få nok kunnskap, og djevelen lovar å hjelpe han om han berre får sjela hans. Gjennom verket kjempar Gud og djevelen om Faust si sjel, og til slutt er det Gud som går sigrande ut av kampen.

Eit forsøk på ei oppsummering

Døden er altså eit evigaktuelt tema, noko litteraturen og kunsten frå 1500–1850 speglar. Men det er ganske typisk at dei kulturhistoriske periodane som handlar om kjensler og religiøse framsyningar, har døden som motiv hyppigast. Derfor er både mellomalderen, barokken og romantikken sine forfattarar opptekne av døden og etterlivet. Særleg i mellomalderen og barokken blir mennesket framstilt som ein skapning som må leve på riktig vis i livet på jorda. Viss ikkje ventar ein fæl lagnad i helvetet etter døden.

Forfattarane som skreiv i renessansen og opplysingstida, var mest opptekne av mennesket og fornufta. Desse skriv mindre om døden. Men det er òg unntak. Hos renessanseforfattaren William Shakespeare er til dømes døden alltid til stades.

Kjelder

Bø, O.: Draumkvedet i Store norske leksikon på snl.no. Henta 4. november 2020 frå https://snl.no/draumkvedet.

Engelbretsdatter, D (2013). Aftensalme henta frå Norsk salmebok. Opphavleg gitt ut 1678).

Fröhlich, W. Helse, Sykdom og død i middelalderen. Middelalder-Oslo. Henta frå https://middelalder.no/medlemsblad/faglige-artikler/192-helse-sykdomog-dod-i-middelalderen.

Krefting, Ellen: Opplysningstiden i Store norske leksikon på snl.no. Henta 13. november 2020 frå https://snl.no/opplysningstiden

Shakespeare, W (1958). Hamlet (Andre Bjerke, oms.). Aschehoug. (opphavleg gitt ut 1599). Henta frå https://teaterdialoger.wordpress.com/hamlet/monolog/

Vold, Thurid; Rise, Harald: Barokken i Store norske leksikon på snl.no. Henta 13. november 2020 frå https://snl.no/barokken

Wergeland, H (1995) "Til min Gyldenlak" og "Til foråret" frå Den første gang: Henrik Wergelands dikt i utvalg. Oslo: Gyldendal. Henta frå| http://urn.nb.no/urn:NBN:no-nb_digibok_2008031101016 | side 104–105.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Ragna Marie Tørdal, Oddvar Engan, Marion Federl, Jan-Louis Nagel, Heidi Mobakk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2020

Læringsressursar

Memento mori