Hopp til innhald

Fagstoff

William Shakespeare

Mange meiner at William Shakespeare (1564–1616) er den største engelske poeten og dramatikaren. Hamlet, Macbeth og Romeo og Julie høyrer til dei mest kjende verka hans.

Sjølv om Shakespeare er verdskjend, veit vi lite om han. Han blei fødd i landsbyen Stratford-upon-Avon, som på Shakespeare si tid låg fire dagsreiser frå London. Truleg var han elev ved den lokale King’s New Grammar School, der gutar lærte å lese og skrive. Vidare veit vi at han gifta seg med åtte år eldre Anne Hathaway då han var atten år, og at dei fekk tre barn: Susanna og tvillingane Hamnet og Judith. Hamnet døydde då han var 11 år gammal.

Skodespelar og forfattar

Vi veit ikkje nøyaktig når Shakespeare drog til London for å bli skodespelar, men det er dokumentert at han opptredde for dronning Elizabeth I. I 1594 står han dessutan oppført som aksjonær i teaterselskapet Lord Chamberlain’s Company og i 1599 som eigar av Globe Theatre.

Ei stilling som skodespelar og dramatikar ved kongehoffet var lønnsam. Det er ei vanleg oppfatning at det vidgjetne skodespelet Macbeth blei skrive som ei hylling til verja hans, kong James I. Shakespeare skal ha skrive nær førti litterære verk, blant dei tragediar som Romeo og Julie og Hamlet og komediar som Ein midtsommarnattsdraum. I tillegg skreiv han 154 sonettar, som er dikt på ei særskild form.

Hamlet

Hamlet er ein av dei mest vidgjetne tragediane Shakespeare skreiv. Plottet er lånt frå ei dansk, eller kanskje irsk, segn. Shakespeare utvikla denne segna til eit drama som handlar om korleis mennesket må kjempe mot eigne feil og sårbarheit. Som humanist er Hamlet først og fremst oppteken av å forstå menneskenaturen.

Dramaet har alle dei ingrediensane som høyrer heime i ein spanande tragedie: drap, sjølvmord, gjenferd, hemn, falsk identitet, uoppfylt kjærleik, galskap, sverdkampar og ein forvirra protagonist som blir forrådd. Dette får sjølvsagt fatale konsekvensar. Den forvirra sinnstilstanden Hamlet er i, blir eit bilete på korleis alle menneske kan oppleve tvil, tru, angst og mangel på styrke. Hamlet blir sliten mellom eit ønske om hemn og eit ønske om forløysing, mellom liv og død, noko som kjem til uttrykk i det berømte sitatet: "Å vere eller ikkje vere, det er spørsmålet".

Tidlaust om det å vere menneske

Shakespeare har blitt kalla "han som fann opp humanismen". Sjølv om Shakespeare sine drama kan verke nokså melodramatiske for oss i dag, gir dei eit godt inntrykk av det diktarar i denne perioden var opptekne av: kor komplekst menneskesinnet er, og korleis vi alle kjempar mot indre krefter. Han gjer det dessutan på ein måte som vi kan identifisere oss med. Derfor blir Shakespeare sine drama framleis oppførte på teater verda over, ofte i moderne språkdrakt og sette inn i ein notidig kontekst.

Kjelde

Smidt, K.: William Shakespeare i Store norske leksikon. Henta 11. januar 2023 frå https://snl.no/William_Shakespeare

CC BY-SASkrive av Jan-Louis Nagel.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2017

Læringsressursar

Humanisme og renessanse 1350-1600