Hopp til innhald

Fagstoff

Dekameronen

Dekameronen er ei samling på hundre noveller av den italienske diktaren Giovanni Boccaccio. Samlinga er truleg skriven i åra 1348–1353. Boka er hovudverket til Boccaccio og det einaste verket som er bevart.

Bakgrunnen for rammeforteljinga i Dekameronen er ein pestsjukdom som rammar Firenze. Denne pestsjukdommen er ein historisk realitet, for våren og sommaren 1348 vart byen heimsøkt av pesten.

Ei ny historie kvar dag

Tittelen Il Decamerone tyder «tidagarsverket». Rammeforteljinga i boka gir oss bakgrunnen for denne tittelen: Ti ungdommar flyktar frå pesten som heimsøkjer byen Firenze, til eit hus på landet. For å korte tida fortel dei kvarandre historier. Alle må finne på ei ny historie kvar dag, og etter ti dagar har dei fortalt hundre noveller. Så dreg dei attende til Firenze.

Dekameronen har ein gjennomtenkt komposisjon. Boccaccio samlar novellene tematisk ved hjelp av rammeforteljinga: Kvar dag vel ungdommane ein ny konge eller ei ny dronning, som så avgjer temaet som alle forteljingane denne dagen skal handle om. Samlinga inneheld ein del kjærleikshistorier, men også mange tekstar om heilt andre emne. Boccaccio er ikkje oppteken av å skildre fysisk kjærleik i detalj, men han vil vise kva for ei sterk kraft kjærleiken er, og kor mykje menneska er villige til å gjere for å vinne den dei elskar.

Persongalleriet i novellene omfattar menneske frå alle lag av folket. Hovudpersonane må ofte kjempe mot dumskap og vanetenking, for eksempel unge forelska par som er i konflikt med vrange foreldre. Andre forteljingar handlar om kor gale det kan gå når ein ikkje kan leve i pakt med naturgitte kjensler og drifter. Det er særleg munkane og munkevesenet som vert latterleggjorde i desse forteljingane.

Opphavet til den skjønnlitterære novella

Ordet novelle kjem frå italiensk og tyder «nyhende». På 1200-talet vart omgrepet for første gong brukt om forteljingar. På den tida var novellene korte, populære forteljingar om meir eller mindre aktuelle hendingar.

Boccaccio vert rekna som skaparen av den skjønnlitterære novella. Verket hans har inspirert andre europeiske diktarar som Geoffrey Chaucer, Margarete av Navarra og Miguel de Cervantes til å skrive liknande samlingar. Mange har også utnytta stoffet i forteljingane til å skape nye verk, for eksempel William Shakespeare og Jonathan Swift.

I dag bruker vi omgrepet novelle berre om relativt korte skjønnlitterære forteljingar, gjerne slike som konsentrerer seg om ei hending som utgjer eit vendepunkt i livet til ein person.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2017

Læringsressursar

Humanisme og renessanse 1350-1600