Sy vottar med samisk inspirasjon
Utstyrsliste
Du treng følgjande utstyr:
ytterstoff (i denne oppskrifta er det brukt eit vove ullstoff som er lett tova, men du kan også bruke andre materiale)
fôrstoff (i denne skildringa er det brukt eit fast bomullsstoff)
ullstoff eller anna materiale til dekorasjon
stoffsaks og papirsaks til å klippe ut mønster
måleband og linjal
skreddarkrit
sytråd som passar med fargane du har valt til stoffa og dekorasjonen
fingerbjørg
polyestertråd eller annan sterk sytråd (i denne oppskrifta er det brukt ein vaksen polyestertråd)
synål
symaskin
I skildringa vart det brukt omtrent 30 x 85 cm stoff. Er det fleire som skal sy i same type stoff, kan de prøve å plassere fleire delar utover slik at de får utnytta stoffet best mogleg.
Filer
Om mønsteret
Mønsteret som ligg ved, er til ei damehand. Du kan endre mønsteret som du sjølv ønskjer, i lengda og breidda. Hugs å forlengje mønsteret tilsvarande på alle delane.
Mønsteret består av tre delar: Del A er overdelen, del B og C er innsida av votten. Del B og C skal syast saman først. Del B har ein litt større tommel enn del C. Tommeldelen skal rynkast mot den tilsvarande på del C. Del A er også litt større enn dei to andre delane, og han skal også rynkast litt.
Rynkene skal plasserast slik at votten får ei god passform og sit godt i handa. Du kan til dømes plassere rynkene der handa og tommelen bøyer seg naturleg.
Om du ønskjer å sy ein vott utan rynker, kan du leggje mønstera oppå kvarandre. Då ser du kor mykje du må ta bort for å gjere del A og B litt mindre.
På mønstera er det nokre markeringar. Markeringane på tuppen av tommelen skal møte kvarandre når du syr del B og C saman. Markeringane på toppen av handflata skal også møte kvarandre når du syr del A saman med del B og C. Alle delane har eit punkt som er markert med eit kryss. Desse punkta skal også møte kvarandre når du syr. Det er viktig at du markerer alle punkta frå mønsteret over på stoffet.
Relatert innhald
Del 1: Klipp ut delane til vottane
Når du klipper eller skjer ut delane til eit produkt i tekstil, må du tenkje på at du skal utnytte materialet på best mogleg måte.
Først plasserer du mønsteret på stoffet. Hugs å plassere mønsterdelane i samsvar med trådretninga. Bruk skreddarkrit til å teikne rundt alle mønsterdelane før du klipper ut delane. Bla i presentasjonen under for å følgje dei ulike stega i klippeprosessen.
Del 2: Sy saman votten for hand
Mellomlegg er vanleg innan mange typar duodji. Når du har mellomlegg i saumen, vil han bli stødigare og halde lenger. I presentasjonen under viser vi syprosessen trinn for trinn.
Relatert innhald
Del 3: Sy fôret
Du kan sy fôret med symaskin. Bla i presentasjonen under for å følgje dei ulike stega i syprosessen.
Relatert innhald
Del 4: Lag dekor
Duodjiprodukt blir ofte dekorerte med tekstilar i ulike fargar. Fargane i dekoren blir som regel tilpassa fargen på materialet. Grunnfargen til dekoren er gjerne raud, kombinert med grønt, gult/kvitt eller blått. Andre fargar blir også brukte, ofte i kombinasjon med primærfargane og grønt. I dekor på tradisjonell duodji blir det sjeldan kombinert fargar som gir lite kontrast, som til dømes blått og grønt ved sida av kvarandre.
Kanting og mellomlegg i saumen er ein del av dekoren. Kantinga står ofte i kontrast til fargen på grunnmaterialet. Bla i presentasjonen under for å sjå korleis du kan dekorere kanten rundt opninga til vottane.
Del 5: Eigenvurdering
Vurder den handverksfaglege kvaliteten på arbeidet ditt ut frå
haldbarheit
funksjon
estetisk uttrykk