Fargane sin eigenkontrast
På same måte som svart og kvitt gir den største kontrasten mellom lys og mørke, gir rein gul-, raud- og blåfarge størst kontrast mellom fargane. Ein kombinasjon av desse tre fargane, til dømes på ein plakat eller i eit utstillingsvindauge, vil tiltrekke seg oppmerksemd.
Plasserer vi fargane saman med kvitt, ser vi at den kvite fargen svekker fargane si strålekraft og gjer dei mørkare. Svart vil auke fargane si strålekraft og gjere at vi opplever dei lysare. Dette kan vi sjå tydeleg i glasmåleri.
I fargeleggingsbøker eller fargeleggingsappar kan du prøve ut korleis fargane blir opplevde når dei er ramma inn av svarte linjer.
Blandar vi inn svart eller kvitt i fargane, blir eigenkontrasten mindre. Dette kan du lese meir om i NDLA sin artikkel om kvalitetskontrasten.
Relatert innhald
Prøv ut ulike fargar i flatene på eit glasmåleri. Vurder effekten av fargebruken.
Eksperimenter med ulike fargar på bokstavar og bakgrunn. Vurder effekten av fargebruken.