Oppgåve
Fargane sin eigenkontrast i eit glasmåleri
Prøv ut ulike fargar i flatene på eit glasmåleri. Vurder effekten av fargebruken.
- Lag utkast til eit glasmåleri i eit teikneprogram.
- Fyll fargeflatene med reine, klåre fargar og prøv ut ulike fargesamansetjingar.
- Prøv ut korleis fargeverknaden endrar seg når du bruker svarte og kvite linjer mellom fargeflatene.
- Vurder eigenkontrasten i dei ulike fargeforslaga.
Alternativt kan du bruke eit foto av eit glasmåleri eller bruke det geometriske mønsteret i biletet under. Eksperimenter med å endre fargane og prøv ut ulike fargesamansetjingar.
Relatert innhald
Oppgåver og aktivitetar
Prøv ut fargane sin eigenkontrastEksperimenter med ulike fargar på bokstavar og bakgrunn. Vurder effekten av fargebruken.
Fagstoff
Fargane sin eigenkontrastDen enklaste kontrasten er fargane sin eigenkontrast eller kulørtonekontrasten. Denne oppstår når ein set minst tre ulike fargar saman.